Emner: ENG336 Masteremne i engelskspråklig litteratur/kultur V - Høst 2014




Studienivå (studiesyklus)

Master

Undervisningsspråk

Engelsk

Undervisningssemester

Vår

Undervisningsstad

Bergen

Mål og innhald

Kurset skal gi utvida kunnskapar om engelskspråkleg litteratur og/eller kultur, og øve opp ei kritisk og sjølvstendig forståing av problemstillingar som er knytte til studiet av litteratur og/eller kultur.

ENG336 er eit spesialisert studium, normalt i eit tema frå britisk litteratur og/eller kultur. Innhaldet i emnet vil variera frå semester til semester, og kan óg kan omfatta amerikansk og/eller annan engelskspråkleg litteratur og/eller kultur. Teksttilfanget kan hentast frå ein nasjonallitterær tradisjon, ein periode, ein sjanger, eit forfattarskap, eit litterært eller kulturrelatert tema, eller ei litterær eller kulturell rørsle. Tekstane skal lesast ut ifrå eit kritisk og teoretisk perspektiv.

Læringsutbyte

Etter fullført emne skal studenten

Krav til forkunnskapar

Bachelorgrad med spesialisering i engelsk eller tilsvarande.

Tilrådde forkunnskapar

Krav til studierett

Emnet er ope for studentar på masterprogrammet i engelsk ved UiB.

Undervisningsformer og omfang av organisert undervisning

Undervisninga vert gitt som ei seminarrekke over 6 veker, til saman 16 timar.

Obligatorisk undervisningsaktivitet

Vurderingsformer

Det blir arrangert eksamen i ENG336 kvart semester.

Eksamen er ein seks timars skoleeksamen.

Karakterskala

Ved sensur nyttar ein karakterskalaen A-F, der F er stryk.

Fagleg overlapp

Vurderingssemester

Litteraturliste

Pensum i emnet er sett saman av opptil 700 sider sakprosa eller læreboktekst, eller litterære tekstar som svarar til 6-8 verk. Teoritekstar høyrer med. Det vil òg vere mogleg å kombinere sakprosa og litterære tekstar i eitt pensum. I tillegg til pensum lyt studentane gjere bruk av tilrådd hjelpelitteratur.

Emneevaluering

Undervisningen blir evaluert i tråd med UiB sitt kvalitetssikringssystem. 

Institutt

mailto:studierettleiar@if.uib.nomailto:studierettleiar@if.uib.no

mailto:studierettleiar@if.uib.nostudierettleiar@if.uib.no