Emner: ENG336 Masteremne i engelskspråklig litteratur/kultur V - Vår 2014




Studiepoeng

10.0

Studienivå (studiesyklus)

Master 

Undervisningsspråk

Engelsk 

Undervisningssemester

Vår 

Undervisningsstad

Bergen 

Mål og innhald

Kurset skal gi utvida kunnskapar om engelskspråkleg litteratur og/eller kultur, og øve opp ei kritisk og sjølvstendig forståing av problemstillingar som er knytte til studiet av litteratur og/eller kultur.

 

ENG336 er eit spesialisert studium i eit tema frå engelskspråkleg litteratur og/eller kultur. Innhaldet i emnet vil variera frå semester til semester, og kan kan omfatta britisk, amerikansk, og/eller annan engelskspråkleg litteratur og/eller kultur. Teksttilfanget kan hentast frå ein nasjonallitterær tradisjon, ein periode, ein sjanger, eit forfattarskap, eit litterært eller kulturrelatert tema, eller ei litterær eller kulturell rørsle. Tekstane skal lesast ut ifrå eit kritisk og teoretisk perspektiv. 

Læringsutbyte

Etter fullført emne skal studenten

 

Krav til forkunnskapar

Bachelorgrad med spesialisering i engelsk eller tilsvarande. 

Tilrådde forkunnskapar

Krav til studierett

Emnet er ope for studentar på masterprogrammet i engelsk ved UiB. 

Undervisningsformer og omfang av organisert undervisning

Undervisninga vert gitt som ei seminarrekke over 12 veker, til saman 16 timar. Det vil vere 8 veker med seminar og fire studieveker 

Obligatorisk undervisningsaktivitet

Ved vurderingsform «Alternativ 2»: Studentane pliktar å møte til rettleiing og elles halde dei fristane som er sette av faglærar.

Obligatorisk arbeidskrav er gyldig i eitt semester etter undervisningssemesteret. 

Vurderingsformer

Det blir arrangert eksamen i ENG336 kvart semester.

 

Alle arbeidskrav må vere oppfylte for at ein skal kunne gå opp til eksamen. Eksamensforma blir fastsett av den som underviser i emnet og blir kunngjord saman med emnet.

 

Alternativ 1: Skoleeksamen

Eksamen er ein seks timars skoleeksamen.

 

Alternativ 2: Rettleidd semesteroppgåve

Eksamen i emnet er ei rettleidd semesteroppgåve på om lag 4500 ord. Studentane pliktar å møte til rettleiing og elles halde dei fristane som er sette av faglærar. Studentar som ikkje følgjer desse retningslinene, misser retten til å ta eksamen i emnet.

 

Alternativ 3: Heimeeksamen med munnleg

Eksamen i emnet er ein sju dagars heimeeksamen over tema oppgitt av faglærar, fylgt av ein munnleg eksamen. Arbeidet er på mellom 2800 og 3200 ord. Når endelig karakter vert fastsett teller heimeeksamen to trededeler og munnleg eksamen ein trededel. Heimeeksamen må vere greidd for at studenten kan gå opp til munnleg eksamen. Kandidaten blir eksaminert både i oppgåva og heile pensum under munnleg eksamen. Studentar som får F på munnleg eksamen får også F som endelig karakter.

Ved eksamen påfølgjande semester utan undervisning må studentane ta skoleeksamen.

 

 

Karakterskala

Ved sensur nyttar ein karakterskalaen A-F, der F er stryk. 

Fagleg overlapp

Vurderingssemester

Litteraturliste

Pensum i emnet er sett saman av opptil 700 sider sakprosa eller læreboktekst, eller litterære tekstar som svarar til 6-8 verk. Teoritekstar høyrer med. Det vil òg vere mogleg å kombinere sakprosa og litterære tekstar i eitt pensum. I tillegg til pensum lyt studentane gjere bruk av tilrådd hjelpelitteratur. 

Emneevaluering

Undervisningen blir evaluert i tråd med UiB sitt kvalitetssikringssystem. 

Institutt

studierettleiar@if.uib.no