Kurset skal gi utvida kunnskapar om engelskspråkleg litteratur og/eller kultur, og øve opp ei kritisk og sjølvstendig forståing av problemstillingar som er knytte til studiet av litteratur og/eller kultur.
ENG337 er eit spesialisert studium, normalt i eit tema innanfor amerikansk, britisk eller verdslitteratur på engelsk. Innhaldet i emnet vil variera frå år til år. Tekst til faget kan hentast frå ein nasjonallitterær tradisjon, ein periode, ein sjanger, eit forfattarskap, eit litterært eller kulturrelatert tema, eller ei litterær eller kulturell rørsle. Tekstane skal lesast ut ifrå eit kritisk og teoretisk perspektiv.
Ved fullført emne har følgjande læringsutbyte definert i kunnskapar, ferdigheiter og generell kompetanse:
Kunnskapar
Studenten
Ferdigheiter
Studenten
Generell kompetanse
Studenten
Seminar: opp til 16 timar.
Om det melder seg færre enn fem studentar til eit emne, kan undervisningstilbodet bli tilpassa studenttalet. Studentane vil i så fall bli informerte om det alternative undervisningsopplegget ved semesterstart, og før semesterregistreringsfristen 1. februar/1. september.
Studentane må levere eit utkast av semesteroppgåva på 500 ord, møte til rettleiing, følge retningslinjer og halde fristane sette av instituttet og læraren for emnet. Utkastet må leverast innan fristen gitt av rettleiaren og må godkjennast av rettleiaren. Utkast som ikkje blir godkjende kan reviderast og leverast på nytt éin gong. Studentane har rett til rettleiing i arbeidet med semesteroppgåva. Rettleiing er obligatorisk. Dersom rettleiinga strekkjer seg over meir enn eitt møte, må studentane vere til stades på alle møta. Rettleiing kan bli gitt individuelt eller i grupper. Studentar som ikkje får utkastet sitt godkjent etter andre forsøk eller som ikkje oppfyller krava nemnd ovanfor kan ikkje levere semesteroppgåva til eksamen.
Dei obligatoriske oppgåvene er gyldige i undervisningssemesteret og eitt semester etter det.
Eksamen i emnet er ei rettleidd semesteroppgåve på om lag 4000 ord (eksklusive litteraturliste osb.). Studentane pliktar å møte til rettleiing og elles halde dei fristane som er sette av faglærar. Studentar som ikkje følgjer desse retningslinene, misser retten til å ta eksamen i emnet.
Ved eksamen i påfølgjande semester leverer studenten, som har oppfylt krava om rettleiing i undervisningssemesteret, ei omarbeidd semesteroppgåve utan vidare rettleiing.
Pensum i emnet er sett saman av opptil 700 sider sakprosa eller læreboktekst, eller litterære tekstar som svarar til 6-8 verk. Teoritekstar høyrer med. Det vil òg vere mogleg å kombinere sakprosa og litterære tekstar i eitt pensum. I tillegg til pensum lyt studentane gjere bruk av tilrådd hjelpelitteratur.
Litteraturlista vil vere klar innan 01.12. for vårsemesteret.
Studierettleiar: studierettleiar@if.uib.no
Eksamensadministrasjon: eksamen@if.uib.no