Kurset skal gi utvida kunnskapar om engelskspråkleg litteratur og/eller kultur, og øve opp ei kritisk og sjølvstendig forståing av problemstillingar som er knytte til studiet av litteratur og/eller kultur.
ENG337 er eit spesialisert studium i eit tema frå engelskspråkleg litteratur og/eller kultur. Innhaldet i emnet vil variera frå semester til semester, og kan omfatta britisk, amerikansk, og/eller annan engelskspråkleg litteratur og/eller kultur. Teksttilfanget kan hentast frå ein nasjonallitterær tradisjon, ein periode, ein sjanger, eit forfattarskap, eit litterært eller kulturrelatert tema, eller ei litterær eller kulturell rørsle. Tekstane skal lesast ut ifrå eit kritisk og teoretisk perspektiv.
Etter fullført emne skal studenten
Ved vurderingsform «Alternativ 2»: Studentane pliktar å møte til rettleiing og elles halde dei fristane som er sette av faglærar.
Obligatorisk arbeidskrav er gyldig i eitt semester etter undervisningssemesteret.
Det blir arrangert eksamen i ENG337 kvart semester.
Alle arbeidskrav må vere oppfylte for at ein skal kunne gå opp til eksamen. Eksamensforma blir fastsett av den som underviser i emnet og blir kunngjord saman med emnet.
Alternativ 1: Skoleeksamen
Eksamen er ein seks timars skoleeksamen.
Alternativ 2: Rettleidd semesteroppgåve
Eksamen i emnet er ei rettleidd semesteroppgåve på om lag 4500 ord. Studentane pliktar å møte til rettleiing og elles halde dei fristane som er sette av faglærar. Studentar som ikkje følgjer desse retningslinene, misser retten til å ta eksamen i emnet.
Alternativ 3: Heimeeksamen med munnleg
Eksamen i emnet er ein sju dagars heimeeksamen over tema oppgitt av faglærar, fylgt av ein munnleg eksamen. Arbeidet er på mellom 2800 og 3200 ord. Når endelig karakter vert fastsett teller heimeeksamen to trededeler og munnleg eksamen ein trededel. Heimeeksamen må vere greidd for at studenten kan gå opp til munnleg eksamen. Kandidaten blir eksaminert både i oppgåva og heile pensum under munnleg eksamen. Studentar som får F på munnleg eksamen får også F som endelig karakter.
Ved eksamen påfølgjande semester utan undervisning må studentane ta skoleeksamen.