Emnet har som målsetjing å gi studentane eit fagleg grunnlag for den fagdidaktiske masteroppgåva og ei innføring i fagfeltet fagdidaktikk innanfor desse ovudområda:
- Engelskfaget si legitimering og eigenart
- Språk, tekst og kultur: kompetanse og danning
- Strategiar for språkkompetanse
- Tekstforståing og læringsprosessar
- Rettleiing og vurdering
Studentane skal:
- ha kunnskap om engelskfaget si utvikling og innsikt i sentrale styringsdokument for skolefaget
- ha innsikt i engelsk som danningsfag og ferdighetsfag
- ha kjennskap til teoriar om språk, språklæring og kommunikasjon
- ha innsikt i språk, tekst og sjanger og kunne sjå desse i eit kulturperspektiv
-kunne undersøke læring i eige klasserom i engelskundervisninga ved hjelp av fagkunnskap og fagdidaktisk teori, og presentere refleksjon over dette skriftleg og munnleg
- kunne vurdere læremiddel og arbeidsformer i engelskfaget i relasjon til dei ulike emna i skolefaget, og kunne grunngi val og vurderingar i samsvar med eige fagsyn
- kunne rettleie elevane i deira læringsprosessar på grunnlag av teoriar om språk, tekst og kultur, og kunne vurdere elevane sitt læringsutbytte
- kunne uttrykkje seg munnleg og skriftleg på engelsk innan fagfeltet
Frammøte til samlingane er obligatorisk.
For å kunne gå opp til eksamen i engelsk fagdidaktikk må studentane ha gjennomført inntil 3 obligatoriske arbeidskrav innan fastsette tidspunkt. Konkretisering av dei obligatoriske arbeidskrav framgår av semesterplanen.
Rettleiing frå faglærar på semesteroppgåva er obligatorisk.
Eksamensforma er ei rettleia semesteroppgåve på 5000 ord der studentane sjølve vel tema og problemstilling. Nærare retningsliner foroppgåva vert gitt i studiet.
Oppgåva vert skriven på engelsk.
Pensum utgjer omlag 1000 sider av normal vanskegrad.
Institutt for framandspråk gir forslag om spesifisert pensumliste i emnet.