Emnet skal gje studentane ei innføring i psykologien sitt opphav og utvikling som vitskapeleg og anvendt disiplin, samt gje ei innføring i sentrale vitskapsteoretiske spørsmål knytt til psykologi som vitskap og profesjonell praksis.
Tema 1: Psykologiens faghistorie
Studenten vil få ei kort innføring i psykologiens filosofiske røter, og framveksten av den første eksperimentalpsykologien. Hovudvekt ligger på å få oversikt over psykologiens hovudtradisjonar som praksisdisiplin og vitskap, og deira utvikling fram til i dag. Studentane får ei grunnleggjande innføring i forholdet mellom akademisk og anvendt psykologi. Vidare skal dei gjerast kjende med den internasjonale og nasjonale framveksten av psykologprofesjonen.
Tema 2: Psykologiens vitskapsteori
Det blir gitt ei grunnleggjande innføring i psykologiens kjenneteikn som samfunnsvitskap, naturvitskap og humanvitskap. Vitskapsfilosofiske problemstillingar knytt til forholdet mellom teoretisk kunnskap og praksiskunnskap vil også bli gjennomgått. Ein vil ha eit særskild fokus på vitskapsteoretiske problem knytt til å anvende psykologisk kunnskap i ulike kontekster. Det blir gitt en innføring i sentrale tradisjonar innanfor vitskapsteori og deira betyding for psykologifaget.
Kunnskapar:
Ved fullført emne kan studenten:
Ferdigheiter:
Ved fullført emne kan studenten:
Generell kompetanse:
Ved fullført emne har studenten:
Studierettleiar kan kontaktast her:
Tlf 55 58 27 10