Emner: EXFAC00AS Examen facultatum, Akademisk skriving - Vår 2014




Studiepoeng

10.0

Undervisningsspråk

 Norsk

Undervisningssemester

Haust og vår 

Undervisningsstad

Bergen

Mål og innhald

Akademisk skriving, med fagkode EXFAC00AS, er ein del av Examen facultatum og inngår i førstesemesterstudiet ved Det humanistiske fakultet ved Universitetet i Bergen. Eksamen i Akademisk skriving gir 10 studiepoeng. Det er obligatorisk for alle som skal avlegga ein bachelorgrad ved fakultetet, og skal takast i første semester innan alle studieprogram. Det blir gitt undervisning på norsk/skandinavisk kvart semester. Alle som vil ta Akademisk skriving må melde seg på grupper ved semesterstart. Dette gjer du på StudentWeb i samband med registrering og eksamensmelding.

Førstesemesterstudiet har som føremål å gi studentane ei innføring i den akademiske kulturens bakgrunn, tenkemåte og skrivemåte, samt å øva studentane i dei praksisformene som denne kulturen fører med seg. Kurset Akademisk skriving skal gi studentane viktige teoretiske reiskapar med til seinare bruk, både i fagstudier ved Fakultetet og i et yrkesaktivt liv med bakgrunn i utdanning frå Fakultetet. Dei kunnskapar og den praksisøvinga som kurset gir, kan brukast på alle fag ved Fakultetet.

Kurset tek utgangspunkt at akademiske tekstar alle har visse eigenskapar felles, som t.d. dokumentasjon, argumentasjon og sakleg framstilling av emnet, og at desse eigenskapane kan identifiserast, beskrivast og vurderast gjennom bruk av analytiske reiskapar på tvers av faglege grenser.

 

Kurset skal setja studenten i stand til å

 

" forstå korleis ein akademisk tekst er bygd opp

" identifisera det sentrale problem eller emne som teksten tek opp

" analysera dei mest sentrale argument i ein tekst

" ta kritisk stilling til korleis dette problemet/emnet er handsama

" skriva ein sjølvstendig tekst som syner at måla som er nemnde over, er nådd.

 

Kurset legg vekt på det tette sambandet det er mellom kritisk og analytisk lesing, tenking og skriving, og på å utvikla vurderingsevne og sjølvstende i studiet.

Læringsutbyte

Krav til forkunnskapar

Startgrunnlaget for Akademisk skriving er opptak som student ved fakultetet.   

Krav til studierett

Kandidater utan studierett kan ikkje søkje om å gå opp til særskilt eksamen.

Undervisningsformer og omfang av organisert undervisning

Studiemåla for Akademisk skriving skal nåast gjennom analytisk arbeid, og ikkje ved å gi att innhaldet i eit fastsett pensum.

Kvar student skal velja seg ein tekst frå eit lite sett av tekstar, som kan variera frå semester til semester. Desse tekstane er henta frå ulike fagfelt innan fakultetet, og er også ulike med omsyn til omfang og sjanger. Dei er alle autentiske faglege tekstar på den måten at dei anten er eller kunne vera pensum i fagstudia.

Den teksten som studenten vel, vert studentens analysetekst; dvs. han skal analyserast frå ulike synsstader innan studiet.

Studenten skal utføra visse arbeidsmoment i høve til sin analysetekst. Desse arbeidsmomenta er:

 

" Samandrag

" Argumentasjonanalyse

" Retorisk analyse av teksten

" Sjangeranalyse

" Beskriving av ulike kontekstforståingar knytt til analyseteksten

 

Av desse arbeidsmomenta vert det lagt størst vekt på argumentasjonsanalysen, men det er knytt minstekrav til eksamensarbeidet for alle arbeidsmomenta.

 

Undervisninga blir gitt i form av ei fellesførelesning og som 5 samlingar i lærarstyrte grupper på om lag 30 studentar. I undervisninga vil dei ulike arbeidsmomenta bli gjort greie for. Som øving skal studentane utføra dei same arbeidsmomenta på tekstar som dels er felles for alle studentane, dels ulike frå gruppe til gruppe.

I samband med undervisninga skal studenten nytta ei samling med rettleiingstekstar, der det blir gjort greie for både det teoretiske grunnlaget for arbeidsmomenta, og der studenten vil finna døme og diskusjonar omkring framgangsmåten for arbeidsmomenta. Denne samlinga med rettleiingstekstar kan variera frå semester til semester.

Det vil slik bli lagt stor vekt på den individuelle skriveprosessen, både teoretisk og praktisk. Studentane har rett og plikt til individuell rettleiing i arbeidet med utforminga av sin eigen dokumentasjonsttekst, som skal bli til eksamensarbeidet. Studentane må innan fastsette tidsfristar levera inn to utkast til læraren i løpet av kurset, og læraren skal gi individuell tilbakemelding på desse utkasta.

 

Obligatorisk undervisningsaktivitet

For å ha rett til å levera eksamensarbeid i Akademisk skriving, må studentens to obligatoriske utkast vera godkjende av gruppelæraren. Denne godkjenninga fell bort om ein ikkje levererer eksamensarbeid i rett tid. Godkjenning av utkast inneber ikkje noko førehandstilsagn med omsyn til karakter ved sensur. Merk at dei to utkasta berre er gyldige i same semesteret som eksamensmeldinga.

Vurderingsformer

Eksamensarbeidet er ein sjølvstendig tekst som studenten skal skrive, der han dokumenterer at han både har tilfredstillande kunnskap og analyseevne, og at han kan formulera si eiga innsikt og analyse i sin eigen akademiske tekst.

Eksamensarbeidet skal leverast som elektronisk dokument innan ein frist som blir fastsett for kvar semester. Format og leveringsprosedyre blir likeeins kunngjort for kvart semester.

Karakterskala

Arbeidet blir sensurert etter ein karakterskala som er gradert frå A til F, der E er dårlegaste karaktert for greidd eksamen.

Vurderingssemester

Haust og vår 

Litteraturliste

Emneevaluering

Akademisk skriving vil bli evaluert kvart semester. Evalueringa vil foregå anonymt, slik at ingen som tek fagleg del i arbeidet (planlegging, undervisning, sensur) vil få tilgang til identiteten til dei som svarar.

Ein rapport om undervisning og eksamen vil blir utarbeid kvart semester, og denne vil studentane får tilgang til. Denne rapporten vil òg innehalda eit oversyn over evalueringsresultata. 

Kontaktinformasjon

exfachf@uib.no

Institutt

Institutt for filosofi og førstesemesterstudier