Etter fullført emne skal studenten:
Ha utvikla basale ferdigheiter i sterilt arbeid
Kurset inneholder:
1 heil dag (7 timar) med trening i sterilproduksjon
Vurderinga er todelt, ein må score over 40 % på begge delar for å bestå kurset.
Del 1 (tel 75 %):
Studentane utarbeider ei mappe som skal innehalde rapportar frå utplasseringar, rapportar frå workshops, kliniske rapportar, refleksjonar rundt utplasseringane og dei oppnådde kliniske ferdigheiter og eit drøftande essay om farmasøytisk omsorg: ein samanlikning mellom Noreg og Storbritannia.
Del 2 (tel 25 %):
Skriftleg 2 timars prøve med alle skriftlege hjelpemiddel der studenten får presentert 3 pasienthistorier med legemiddelhistorikk, journalnotat og utsegn om etterleving for så å lage farmasøytiske omsorgsplanar for to av dei tre pasientane.
Forelesar og Administrativ kontaktperson finn du på Mi side, kontakt ev studiekonsulenten på instituttet:
studie@farmasi.uib.no