Emner: FIL105 Innføring i sinnsfilosofi - Høst 2014




Studienivå (studiesyklus)

Bachelor

Undervisningsspråk

Norsk eller engelsk

Undervisningssemester

Vår

Undervisningsstad

Bergen

Mål og innhald

Emnet skal gje studentane ei innføring i moderne sinnsfilosofi, samt bakgrunnskunnskapar om klassiske filosofar si oppfatning av problemfeltet. Sinnsfilosofien er oppteken av tilhøvet mellom dei mentale eller psykologiske aspekta ved ein person og personen sine kroppslege eigenskapar. Temaet har ei historie som går tilbake til klassisk gresk filosofi, men i ein moderne kontekst representerer særleg Descartes sin dualisme den klassiske utfordringa som ulike sinnsfilosofiske retningar har prøvd å overvinna. Emnet har til føremål å presentere dei viktigaste moderne alternativa til denne dualismen, samt å syne at vi enno slit med nokre av grunnproblema frå Descartes, trass i framsteg i mange delspørsmål.

Læringsutbyte

Kunnskap: Etter fullført emne skal studenten ha

Dugleik: Etter fullført emne skal studenten kunne

Kompetanse: Etter fullført emne skal studenten ha kompetanse til

 

Tilrådde forkunnskapar

Godkjent førstesemesterstudium. Gode engelskkunnskapar er naudsynte, sidan ein må rekne med at mykje av pensum er på engelsk

Krav til studierett

Emnet er ope for studentar med studierett ved Universitetet i Bergen.

Undervisningsformer og omfang av organisert undervisning

Undervisinga er basert på førelesingar og kollokvium, og det blir rekna med aktiv deltaking frå studentane.

Førelesingar: 2 timar per veke i 13 veker, totalt 26 timar.

Kollokvium: 2 timar per veke i 10 veker, totalt 20 timar.

Om det melder seg færre enn fire studentar blir talet på samlingar redusert. Den einskilde student vil samstundes bli tilbode individuell rettleiing eller grupperettleiing som kompensasjon for samlingane.

Obligatorisk undervisningsaktivitet

Ei godkjenning av obligatoriske arbeidskrav er gyldig i tre semester frå og med det semesteret godkjenninga finner stad.

Studentane må levere inn svar på 7 oppgitte spørsmål, frå ei litt større spørsmålssamling.

Svara må vere godkjende for at ein skal kunne gå opp til endeleg eksamen.

Vurderingsformer

5-timars skuleeksamen med spørsmål henta frå ulike deler av pensum.

Eksamen blir arrangert på slutten av det semesteret det blir gitt undervisning i emnet. I semesteret etter blir det arrangert midtsemestereksamen.

Dei obligatoriske arbeidskrava må vere godkjende før ein kan gå opp til skuleeksamen i emnet.

Obligatoriske aktivitetar må vere godkjende i eit semester med undervisning for at ein skal kunne melde seg til eksamen i eit semester utan undervisning.

Karakterskala

Karakterskala frå A til F

Fagleg overlapp

FIL105 overlapper med FIL235 (Sinnsfilosofi), FIL335 (Masteremne i sinnsfilosofi ) og FIL226 (Innføring i sinnsfilosofi - 15 studiepoeng).

Litteraturliste

Pensum er basert på ei fyldig introduksjonsbok i sinnsfilosofi på engelsk.

Emneevaluering

Emnet blir evaluert med jamne mellomrom.

Kontaktinformasjon

Institutt for filosofi og førstesemesterstudier

E-post: studierettleiar@fof.uib.no