Emner: FIL116 Innføring i moderne politisk teori - Vår 2014




Studiepoeng

10.0

Studienivå (studiesyklus)

Bachelor

Undervisningsspråk

Norsk eller engelsk

Undervisningssemester

Vår

Undervisningsstad

Bergen

Mål og innhald

Politisk teori er eit tverrfagleg forskingsfelt der spørsmål knytta til rettferdig fordeling, demokratiteori, anerkjenning av minoriteter, samt forskjellige forståelser av makt står sentralt. Politisk teori analyserer og reflekterer over aktuelle politiske spørsmål og sosiale, kulturelle og institusjonelle endringsprosesser. Kurset gir ein introduksjon til hovedretningar og sentrale problemstillingar i politisk teori fra om lag 1970 til i dag, med vekt på både empirisk-deskriptive og normative teoridanningar (liberalisme, kommunitarisme, proseduralisme), og postmoderne perspektiv på stat, individ og samfunn.

Læringsutbyte

Kunnskap:

Etter fullført emne skal studenten ha

Dugleik:

Etter fullført emne skal studenten kunne

Kompetanse:

Etter fullført emne skal studenten ha kompetanse til

I kombinasjon med andre emne og fag kan det inngå i ei utdanning som kvalifiserer for undervisning i filosofi i ungdomsskule eller videregåande skole. Emnet kan og vere eigna som støtte til fordjuping i grunnlagsspørsmål i samband med studiet av andre fag.

Tilrådde forkunnskapar

Godkjent førstesemesterstudium. Gode engelskkunnskapar er naudsynte, sidan ein må rekne med at mykje av pensum er på engelsk.

Krav til studierett

Emnet er ope for studentar med studierett ved Universitetet i Bergen.

Personar utan studierett ved UiB kan søkje til Det humanistiske fakultet om å få gå opp til eksamen i emnet. Trykk på lenkja for meir informasjon: http://www.uib.no/hf/utdanning/opptak/saerskilt-eksamen-ved-det-humanistiske-fakultet

Undervisningsformer og omfang av organisert undervisning

Undervisninga har form av førelesingar og/eller seminar.

Om det melder seg færre enn fire studentar blir talet på samlingar redusert. Den einskilde student vil samstundes bli tilbode individuell rettleiing eller grupperettleiing som kompensasjon for samlingane.

Obligatorisk undervisningsaktivitet

Inga obligatoriske arbeidskrav.

Vurderingsformer

5 timar skuleeksamen med spørsmål henta frå ulike deler av pensum. Ingen hjelpmiddel er tillatne på eksamen. (Men studentar utan engelsk eller norsk som morsmål kan vende seg til instituttet for informasjon om bruk av ordbøker.)

Eksamen blir arrangert kvart semester.

Karakterskala

Karakterskala frå A til F.

Fagleg overlapp

FIL116 overlapper med FIL216 ( Moderne politisk teori) og FIL316 (Masteremne i moderne politisk teori). For studentar som har tatt eitt av emna FIL211 (Valemne 1 i filosofi), FIL212 (Valemne 2 i filosofi), FIL213 (Valemne 3 i filosofi), FIL214 (Valemne 4 i filosofi), FIL301 (Forskingsemne i filosofi 1), FIL302 (Forskingsemne i filosofi 2) eller FIL302 (Forskingsemne i filosofi 2) med nærliggande tema kan det og være overlapp. Ta i så fall kontakt med instituttet for nærare informasjon.

Litteraturliste

Til emnet er det eit kjernepensum som studenten i samråd med faglærar kan supplere med eit særpensum.

Emneevaluering

Emnet blir evaluert med jamne mellomrom.

Kontaktinformasjon

Institutt for filosofi og førstesemesterstudier

E-post: studierettleiar@fof.uib.no

Institutt

Institutt for filosofi og førstesemesterstudier