Emner: FIL122 Filosofiske originaltekster fra antikken til opplysningstiden - Høst 2014




Studienivå (studiesyklus)

Bachelor

Undervisningsspråk

Norsk eller engelsk

Undervisningssemester

Vår. Dersom det er grunnlag for det vil emnet også bli undervist om hausten.

Undervisningsstad

Bergen

Mål og innhald

Lesing av eldre og nyare filosofiske primærkjelder i form av originaltekstar er ein sentral del av studiet av filosofi som fag. Dette er ein viktig føresetnad for forståing av problemstillingar og tilnærmingsmåtar i samtidsfilosofien, og kan og vere til nytte i studiet av andre fag der tekstforståing og argumentasjon er viktig.

FIL122 skal gi studentane høve til fordjuping i utvalde originaltekstar fra europeisk filosofi fra antikken fram til opplysingstida. Dei skal bli kjende med ulike måtar å lese og fortolke filosofiske tekstar på. Emnet skal gi grunnlag for vidare studiar i filosofi på bachelornivå.

Læringsutbyte

Kunnskap:

Etter fullført emne skal studentane ha god kjennskap til utvalde originaltekstar fra europeisk filosofi fra antikken fram til opplysingstida. Dei skal ha kjennskap til historiske og kulturelle føresetnader og ha god innsikt i sentrale problemstillingar, grunnomgrep, argument og teoriar i desse tekstane.

Dugleik:

Etter fullført emne skal studentane kunne identifisere sentrale problemstillingar, grunnomgrep, argument og teoriar i filosofiske originaltekstar. Dei skal også kunne analysere og drøfte argument, resonnement og retoriske strategiar i desse.

Kompetanse:

Emnet gir grunnlag for vidare studiar med sikte på bachelorgrad med spesialisering i filosofi. I kombinasjon med andre emne og fag kan det inngå i ei utdanning som kvalifiserer for undervisning i filosofi i ungdomsskule eller videregåande skule. Emnet kan også vere eigna som støtte til studium av andre fag, der tekstforståing og argumentasjon er viktig.

Tilrådde forkunnskapar

Godkjent førstesemesterstudium. Gode engelskkunnskapar er naudsynte, sidan ein må rekne med at mykje av pensum er på engelsk. FIL122 bør takast i samband med eller etter FIL120 (Filosofihistoria frå antikken til opplysingstida)

Krav til studierett

Emnet er ope for studentar med studierett ved Universitetet i Bergen.

Undervisningsformer og omfang av organisert undervisning

Undervisninga har form av førelesingar og seminar. Seminara har oppmøtekrav.

Obligatorisk undervisningsaktivitet

Ei godkjenning av obligatoriske arbeidskrav er gyldig i tre semester frå og med det semesteret godkjenninga finner stad, jamfør ordinære reglar.

Studentane skal levere utkast til skriftleg svar på to oppgåver innan dei fristane faglærer set. Utkasta vil bli kommentert av faglærer

Studentane skal delta på minst to tredelar av seminara.

Vurderingsformer

Emnet har mappeevaluering. Studentane skal levere skriftleg svar på to oppgåver. Fristar blir sette av instituttet. Svara på begge oppgåvene skal være på 900-1200 ord (ikkje medrekna innhaldsliste, litteraturliste etc).

Eksamen blir arrangert kvart semester.

Dei obligatoriske arbeidskrava må vere godkjende før ein kan gå opp til eksamen i emnet.

Obligatoriske arbeidskrav må vere godkjende i eit semester med undervisning for at ein skal kunne melde seg til eksamen i eit semester utan undervisning.

Karakterskala

Karakterskala frå A til F.

Fagleg overlapp

FIL122 overlappar med FIL111 (Filosofiske grunnspørsmål i filosofihistoria) og FIL112 (Klassiske filosofiske tekstar. Fortolking og argumentasjon).

Litteraturliste

Pensum er utvalde filosofiske originaltekstar med kommentarlitteratur.

Emneevaluering

Emnet blir evaluert med jamne mellomrom.

Kontaktinformasjon

Institutt for filosofi og førstesemesterstudier

E-post: studierettleiar@fof.uib.no

Institutt

Institutt for filosofi og førstesemesterstudier