Emner: FIL126 Introduksjon til språkfilosofi - Høst 2014




Studiepoeng

5.0

Studienivå (studiesyklus)

Bachelor

Undervisningsspråk

Norsk

Undervisningsstad

Bergen

Mål og innhald

Filosofi har til alle tider vore opptatt av kva for ei rolle språket speler for kunnskap, for grunngjeving og for korleis vi oppfattar verda ikring oss. I nyare tid har spørsmål om språkleg meining og referanse og om tilhøvet mellom språk, omgrep, logikk, tenkning, erfaring og røynsle vore sentrale. Sidan forrige hundreåret har mange også sett språkleg analyse som filosofiens grunnleggjande metode. Derfor er det naudsynt å ha kjennskap til moderne språkfilosofi for å kunne orientere seg i samtidsfilosofien.

FIL126 skal gje studentane eit oversyn over viktige grunnomgrep, argument og posisjonar i språkfilosofi. Hovudvekta ligg på tema i samtidsfilosofien, men det vil ofte vere aktuelt å ta utgangspunkt i filosofiske verk og posisjonar frå eldre tider. Etter fullført emne skal studentane vere i stand til å formidle sentrale teoriar og problemstillingar innanfor språkfilosofi og sjå relevansen av desse i andre samanhengar. Emnet skal gi grunnlag for vidare studiar i filosofi på bachelornivå.

Læringsutbyte

Kunnskap:

Etter fullført emne skal studentane ha god kjennskap til viktige grunnomgrep, argument og posisjonar i moderne språkfilosofi.

Dugleik:

Etter fullført emne skal studentane kunne kjenne att og formidle innsikt i grunnleggjande problemstillingar og argument innan språkfilosofi i ulike samanhengar.

Kompetanse:

Emnet gir grunnlag for vidare studiar med sikte på bachelorgrad med spesialisering i filosofi. I kombinasjon med andre emne og fag kan det inngå i ei utdanning som kvalifiserer for undervisning i filosofi i ungdomsskule eller videregåande skule. Emnet kan også vere eigna som støtte til fordjuping i grunnlagsspørsmål i samband med studiet av andre fag.

Tilrådde forkunnskapar

Godkjent førstesemesterstudium. Gode engelskkunnskapar er naudsynte, sidan ein må rekne med at mykje av pensum er på engelsk FIL126 (Introduksjon til språkfilosofi) bør takast i samband med eller etter FIL120 (Filosofihistoria frå antikken til opplysingstida) og

Krav til studierett

Emnet er ope for studentar med studierett ved Universitetet i Bergen.

Undervisningsformer og omfang av organisert undervisning

Undervisninga har form av av førelesingar og seminar. Seminara har oppmøtekrav.

Obligatorisk undervisningsaktivitet

Ei godkjenning av obligatoriske arbeidskrav er gyldig i tre semester frå og med det semesteret godkjenninga finner stad.

Studentane skal delta på minst to tredelar av seminara.

Vurderingsformer

3 timar skuleeksamen med spørsmål henta frå ulike deler av pensum. Ingen hjelpmiddel er tillatne på eksamen. (Men studentar utan engelsk eller norsk som morsmål kan vende seg til instituttet for informasjon om bruk av ordbøker.)

Eksamen blir arrangert kvart semester.

Dei obligatoriske arbeidskrava må vere godkjende før ein kan gå opp til eksamen i emnet.

Obligatoriske arbeidskrav må vere godkjende i eit semester med undervisning for at ein skal kunne melde seg til eksamen i eit semester utan undervisning.

Karakterskala

Karakterskala frå A til F.

Fagleg overlapp

FIL126 overlappar med FIL103 (Logikk, språk- og vitskapsfilosofi).

Litteraturliste

Pensum er innføringsverk og utvalde tekstutdrag.

Emneevaluering

Emnet blir evaluert med jamne mellomrom.

Kontaktinformasjon

Institutt for filosofi og førstesemesterstudier

E-post: studierettleiar@fof.uib.no

Institutt

Institutt for filosofi og førstesemesterstudier