Kunnskap:
Etter fullført emne skal studenten ha
Dugleik:
Etter fullført emne skal studenten kunne
Kompetanse:
Emnet kan inngå i ein bachelorgrad med spesialisering i filosofi. I kombinasjon med andre emne og fag kan det inngå i ei utdanning som kvalifiserer for undervisning i filosofi i ungdomsskule eller videregåande skole. Emnet kan ogsåvere eigna som støtte til fordjuping i grunnlagsspørsmål i samband med studiet av andre fag.
Undervisninga har form av førelesingar og/eller seminar.
Individuell rettleiing: inntil 1 timar per student.
Om det melder seg færre enn fire studentar blir talet på samlingar redusert. Den einskilde student vil samstundes bli tilbode individuell rettleiing eller grupperettleiing som kompensasjon for samlingane.
Ei godkjenning av obligatoriske arbeidskrav er gyldig i tre semester frå og med det semesteret godkjenninga finner stad.
Innlevering av utkast til rettleia oppgåve før individuell rettleiing.
Individuell rettleiing ved faglærar.
Godkjent breiddetest
Innlevering av pensumliste innan 15. april om våren og innan 15. oktober om hausten. Pensumlista skal innehalde emnekode, eksamenssemester og namn på student og faglærar/rettleiar, og vere utforma i samsvar med vanlege standarder for bibliografiske referansar. Sidetal for kvar einskild bok/utdrag av bok eller artikkel samt samla tal på sider skal opplysast (for elektroniske kjelder utan sidetal rekner ein 500 ord pr. side). Pensumlista skal underskrivast av faglærar og godkjennast av instituttet.
Ei rettleia oppgåve på mellom 4000 og 6000 ord (ikkje medrekna innhaldsliste, litteraturliste etc). Emnet for oppgåva skal vere godkjend av faglærar på førehand. Oppgåva skal leverast elektronisk via Mi side og blir sensurert ved slutten av semesteret.
Eksamen blir arrangert kvart semester.
Dei obligatoriske arbeidskrava må vere godkjende før ein kan gå opp til eksamen i emnet.
Studentar som har tatt eitt av emna FIL211 (Valemne 1 i filosofi), FIL212 (Valemne 2 i filosofi), FIL213 (Valemne 3 i filosofi), FIL214 (Valemne 4 i filosofi), FIL301 (Forskingsemne i filosofi 1), FIL302 (Forskingsemne i filosofi 2) eller FIL303 (Forskingsemne i filosofi 3) med nærliggande tema kan det og være overlapp. Ta i så fall kontakt med instituttet for nærare informasjon.
Institutt for filosofi og førstesemesterstudier
E-post: studierettleiar@fof.uib.no