Emner: FIL222A Miljøfilosofi - 10 stp - Vår 2011




Studiepoeng

10.0

Studienivå (studiesyklus)

Bachelor

Undervisningsspråk

Norsk

Undervisningssemester

Vår

Undervisningsstad

Bergen

Mål og innhald

Emnet skal gje studentane eit oversyn over idéhistoriske, vitskapsteoretiske, etiske og politiske teoriar som er relevante for dagens miljødebatt. Den idéhistoriske delen vil ta opp emne som subjektsfilosofien, herredømmetenkinga over naturen og utviklinga av synet på teknologien. Den vitskapsteoretiske delen vil kaste lys over omgrepa uvisse, risiko, kunnskapsløyse og føre-var-prinsippet og drøfte tema som postnormal vitskap og vitskapen sin legitimitet. Sentrale omgrep innanfor etikkdelen vil vere konsekvens- og plikt-etikk, biosentrisme, økosentrisme og dypøkologi. Siste del av kurset vil samle trådane og syne samanhengen mellom tema som er tekne opp og aktuelle emne innanfor miljøpolitisk tenking som berekraftig utvikling og institusjonell styring. Kjønnsperspektivet vil vere representert i litteraturen og i undervisninga. Studentane skal arbeide med originaltekstar frå desse hovuddisiplinane, samt relevant sekundærlitteratur.

Emnet skal gje studentane kunnskapar om både idéhistorie, vitskapsteori, etikk og politisk filosofi, samt ein evne til å sjå samanhengen mellom desse ulike disiplinane. Kurset vil særleg leggje vekt på at studentane skal bli i stand til å bruke desse kunnskapane på konkrete døme, noko som inneber ei evne til å analysere miljødebattar og miljøpolitiske dokument i lys av omgrep henta frå dei sentrale teoretiske tekstane til emnet. Undervisinga og den rettleia oppgåva vil gje studentane slike ferdigheiter i å bruke miljøfilosofi i praksis.

Læringsutbyte

Kunnskapar: Studentane skal kunne

Ferdigheiter: Studentane skal kunne:

Kompetanse; Studentane skal kunne:

Tilrådde forkunnskapar

Eit års akademiske studiar.

Krav til studierett

Ope emne

Undervisningsformer og omfang av organisert undervisning

Undervisninga er basert på førelesningar, kollokvia, øvingar i å analysere miljøpolitiske dokument, og ei individuell rettleiing i samband med den obligatoriske oppgåva. Det vert rekna med aktiv deltaking frå studentane.

Førelesingar: 2 timar per veke i 13 veker, totalt 26 timar.

Kollokvia: 2 timar per veke i 13 veker, totalt 26 timar.

Individuell rettleiing: 1 time per student.

Om det melder seg færre enn fire studentar blir talet på samlingar redusert. Den einskilde student vil samstundes bli tilbode individuell eller grupperettleiing som kompensasjon for samlingane.

Obligatorisk undervisningsaktivitet

- Innlevering av utkast til semesteroppgåve før individuell rettleiing

- Individuell rettleiing av oppgåva

- Munnleg framlegg av utkast til semesteroppgåve på en arbeidsgruppe

Ein godkjenning av obligatoriske arbeidskrav er gyldig i tre semester etter godkjenninga.

Vurderingsformer

Rettleia oppgåve på 3000-4000 ord.

Dei obligatoriske arbeidskrava må vere godkjende før ein kan få semesteroppgåva sensurert.

Obligatoriske aktivitetar må vere godkjende i eit semester med undervisning for at ein skal kunne melde seg til eksamen i eit semester utan undervisning.

Karakterskala

Karakterskala frå A-F

Litteraturliste

I samråd med faglærar set studenten opp sitt eige pensum med tekstar frå litteraturtilfang (sjå ovanfor).

Emneevaluering

Emnet vert evaluert med jamne mellomrom.

Kontaktinformasjon

studierettleiar@fof.uib.no