Emner: FIL235 Sinnfilosofi - Høst 2014
Studienivå (studiesyklus)
Bachelor
Undervisningsspråk
Norsk eller engelsk
Undervisningssemester
Vår
Undervisningsstad
Bergen
Mål og innhald
Emnet skal gje studentane ei innføring i moderne sinnsfilosofi, samt bakgrunnskunnskapar om klassiske filosofar si oppfatning av problemfeltet. Sinnsfilosofien er oppteken av tilhøvet mellom dei mentale eller psykologiske aspekta ved ein person og personen sine kroppslege eigenskapar. Temaet har ei historie som går tilbake til klassisk gresk filosofi, men i ein moderne kontekst representerer særleg Descartes sin dualisme den klassiske utfordringa som ulike sinnsfilosofiske retningar har prøvd å overvinna. Emnet har til føremål å presentere dei viktigaste moderne alternativa til denne dualismen, samt å syne at vi enno slit med nokre av grunnproblema frå Descartes, trass i framsteg i mange delspørsmål.Emnet vil også ta opp ein spesialiseringsdel, der hovudtemaet er opplevingsmedvitet som ein særleg utfordring til materialistiske oppfatningar av medvitet.
Læringsutbyte
Kunnskap:
Etter fullført emne skal studenten ha
- oversyn over dei viktigaste hovudretningane innanfor sinnsfilosofien i det 20. hundreåret, slik som behaviorismen, den psykofysiske identitetsteorien, funksjonalismen, eigenskapsdualismen og den eliminative materialismen
- innsikt i problemstillingar som er felles utfordringar for desse retningane, slik som spørsmålet om kva intensjonalitet er, spørsmålet om korleis opplevingsmedvit forhold seg til ein person sine materielle eigenskapar og prosessar, samt korleis vi kan forstå mental kausalitet
- innsikt i ein problemstilling særleg som knyter sinnsfilosofi til moderne kognitiv vitskap, nemleg spørsmålet om det finst kunstig intelligens
- innsikt i viktige klassiske filosofar si oppfatning av tilhøvet mellom kropp og sjel, særleg Platon, Aristoteles, Descartes og Kant sitt syn
- innsikt i argumentasjonslære som set ein i stand til å vurdere slagkraften i klassiske argument i sinnsfilosofien ut frå deira sunnheit og gyldigheit
Dugleik:
Etter fullført emne skal studenten kunne
- skilje mellom sterke og svake sider ved dei ulike hovudposisjonane i moderne sinnsfilosofi i det 20. hundreåret
- formidle kunnskap om desse posisjonane i faglege så vel som meir allmenne samanhengar
- relatere dei til generelle filosofiske problemstillingar, slik som tilhøvet mellom vår kunnskap om vårt eige medvit og kunnskap om andres medvit, og kriteria for personleg identitet
- forstå at løysingar på problem i sinnsfilosofien krev noko meir enn empiriske kunnskapar, samstundes som ein skjøner at nyvinningar i psykologi og nevrofysiologi kan skipe grunnlag for ein vekselbruk mellom filosofisk omgrepsanalyse og empirisk forsking
Kompetanse:
Etter fullført emne skal studenten ha kompetanse til
- vidare studiar i kognitiv vitskap
- å følgje med i den samtidsfilosofiske debatten om problema i sinnsfilosofi på eit nivå av moderat vanskegrad
- å sjølv kunne vidareformidle innsikt i problema for personar uten særlege bakgrunnskunnskapar i emnet
Emnet kan inngå i ein bachelorgrad med spesialisering i filosofi. I kombinasjon med andre emne og fag kan det inngå i ei utdanning som kvalifiserer for undervisning i filosofi i ungdomsskule eller videregåande skole. Emnet kan og være eigna som støtte til fordjuping i grunnlagsspørsmål i samband med studiet av andre fag.
Krav til forkunnskapar
Tilrådde forkunnskapar
Godkjent førstesemesterstudium og minst eitt års studium fra høgskule eller universitet. Gode engelskkunnskapar er naudsynte, sidan ein må rekne med at mykje av pensum er på engelsk.
Krav til studierett
Emnet er ope for studentar med studierett ved Universitetet i Bergen.
Undervisningsformer og omfang av organisert undervisning
Undervisninga har form av førelesingar og kollokviegrupper.
Individuell rettleiing: inntil 1 timar per student.
Om det melder seg færre enn fire studentar blir talet på samlingar redusert. Den einskilde student vil samstundes bli tilbode individuell rettleiing eller grupperettleiing som kompensasjon for samlingane.
Obligatorisk undervisningsaktivitet
Ei godkjenning av obligatoriske arbeidskrav er gyldig i tre semester frå og med det semesteret godkjenninga finner stad.
Studentane må levere inn svar på 7 oppgitte spørsmål, frå ei litt større spørsmålssamling. Innleveringsfristar blir sette av instituttet. Svara må vere godkjende for at ein skal kunne gå opp til eksamen.
Innlevering av utkast til rettleia oppgåve før individuell rettleiing.
Individuell rettleiing ved faglærar.
Vurderingsformer
Ei rettleia oppgåve på mellom 4000 og 6000 ord (ikkje medrekna innhaldsliste, litteraturliste etc). Emnet for oppgåva skal vere godkjend av faglærar på førehand. Oppgåva skal leverast elektronisk via Mi side og blir sensurert ved slutten av semesteret.
Eksamen blir arrangert på slutten av det semesteret det blir gitt undervisning i emnet. I semesteret etter blir det arrangert midtsemestereksamen.
Dei obligatoriske arbeidskrava må vere godkjende før ein kan gå opp til eksamen i emnet.
Obligatoriske arbeidskrav må vere godkjende i eit semester med undervisning for at ein skal kunne melde seg til eksamen i eit semester utan undervisning.
Karakterskala
Karakterskala frå A til F.
Fagleg overlapp
FIL235 overlapper med FIL105 (Innføring i sinnsfilosofi), FIL335 (Masteremne i sinnsfilosofi ) og FIL226 (Innføring i sinnsfilosofi - 15 studiepoeng).
Litteraturliste
Pensum er basert på ei fyldig introduksjonsbok i sinnsfilosofi på engelsk, samt eit kompendium med artiklar på engelsk henta frå nyare sinnsfilosofi.
Emneevaluering
Emnet blir evaluert med jamne mellomrom.
Kontaktinformasjon
Institutt for filosofi og førstesemesterstudier
E-post: studierettleiar@fof.uib.no
Institutt
Institutt for filosofi og førstesemesterstudier