Læringsmål: Kurset skal ta føre seg nokre av dei grunnleggjande omgrepa i den moderne tenkinga gjennom lesing av ein eller flere sentrale klassiske tekstar. Kurset skal utvikle studentane sine evner til analytisk og historisk-kritisk lesing av klassike originaltekstar i den moderne filosofiske tenkning og sosial tradisjon.
Fagleg innhald: Emnet vil ta utgangspunkt i ein problematikk som vil bli studert på grunnlag av sentrale originale klassiske tekstar. Emnet vil gi studentane mulighet til fordypning i relvante filosofiske problemstillingar i modernitet, med særlig fokus på tilhøvet mellom teoriutvikling og politiske, økonomiske og sosiale problemstillingar som ei gitt samtid reiser.
Kunnskap:
Etter fullført emne skal studenten ha
Dugleik:
Etter fullført emne skal studenten kunne
Kompetanse:
Etter fullført emne skal studenten ha kompetanse til
Undervisninga har form av førelesingar og/eller seminar.
Om det melder seg færre enn fire studentar blir talet på samlingar redusert. Den einskilde student vil samstundes bli tilbode individuell rettleiing eller grupperettleiing som kompensasjon for samlingane.
Ei godkjenning av obligatoriske arbeidskrav er gyldig i tre semester frå og med det semesteret godkjenninga finner stad.
Det er obligatorisk å levera ei skriftleg øvingsoppgåve på 1200 - 2000 ord. Oppgåva blir ikkje rettleidd og blir vurdert som godkjend/ikkje godkjend. Oppgåva må vera godkjend for at studenten skal få gå opp til eksamen i emnet.
Studentane skal ha ei vekes heimeeksamen. Eksamenssvaret skal vere på mellom 3000 og 5000 ord (ikkje medrekna innhaldsliste, litteraturliste etc).
Ei munnleg prøve der karakteren på heimeoppgåva kan bli justert med +/- ein karakter.
Eksamen blir arrangert på slutten av det semesteret det blir gitt undervisning i emnet. I semesteret etter blir det arrangert midtsemestereksamen.
Dei obligatoriske arbeidskrava må vere godkjende før ein kan gå opp til eksamen i emnet.
Obligatoriske arbeidskrav må vere godkjende i eit semester med undervisning for at ein skal kunne melde seg til eksamen i eit semester utan undervisning.
Institutt for filosofi og førstesemesterstudier
E-post: studierettleiar@fof.uib.no