Emner: FIL250 Bacheloroppgave i filosofi - Høst 2014




Studiepoeng

15.0

Studienivå (studiesyklus)

Bachelor

Undervisningsspråk

Norsk eller engelsk

Undervisningssemester

Haust og vår

Undervisningsstad

Bergen

Mål og innhald

OBS! Dette emnet tilhøyrer ein utgått studieplan for bachelorstudiet i filosofi. Bachelorstudentar på filosofi skal normalt ta emnet FIL251 (20 studiepoeng). Studentar som starta studiet sitt hausten 2012 eller tidlegare kan i enkelte tilfelle ta FIL250 etter søknad. Ein søkjer opptak til emnet ved å undervisningsmelda seg innan 1. september/1.februar og så senda e-post til studierettleiar@fof.uib.no.

Emnet skal gje studentane høve til å arbeide sjølvstendig saman med faglærar/rettleiar med eit nærare avgrensa tema. Temaet kan være avgrensa til særskilde filosofiske problemområde (til dømes etikk, politisk filosofi, erkjenningsteori eller metafysikk) eller tilnærmingsmåtar (til dømes fenomenologiske, eksistensfilosofiske eller språkanalytiske tilnærmingar), eller til einskilde filosofiske verk eller forfattarskap.

Kvart semester tilbyr instituttet undervisning på 200- og 300-nivå i såkalla "ope emne". Tema for FIL250 kan være knytt til eit av desse undervisningstilboda. For kvart semester finst oversyn over ope emne på Mi Side og på instituttet si heimeside.

Læringsutbyte

Kunnskap: Etter fullført emne skal studenten ha

Dugleik: Etter fullført emne skal studenten kunne

Kompetanse: Etter fullført emne skal studenten ha kompetanse til

Krav til forkunnskapar

Godkjent førstesemesterstudium og avlagd eksamen i minst to av emna FIL111 (Filosofiske grunnspørsmål i filosofihistoria), FIL112 (Klassiske filosofiske tekstar. Fortolking og argumentasjon) og FIL103 (Logikk, språk- og vitskapsfilosofi).

Tilrådde forkunnskapar

Gode engelskkunnskapar er naudsynte, sidan ein må rekne med at mykje av pensum er på engelsk.

Krav til studierett

Emnet er ope for studentar med studierett ved Universitetet i Bergen.

Undervisningsformer og omfang av organisert undervisning

Individuell rettleiing: inntil 3 timar per student.

For studentar som tek emnet i tilknytning til undervisinga i eit av dei ope emna er det faglærar i emnet som fungerer som rettleiar. I andre høve må studenten sjølv kontakte instituttet og få oppnemnt rettleiar.

Obligatorisk undervisningsaktivitet

Ei godkjenning av obligatoriske arbeidskrav er gyldig i tre semester frå og med det semesteret godkjenninga finner stad.

Innlevering av utkast til rettleia oppgåve før siste rettleiinga.

Individuell rettleiing ved faglærar.

Innlevering av pensumliste innan 30. april om våren og innan 31. oktober om hausten. Pensumlista skal innehalde emnekode, eksamenssemester og namn på student og faglærar/rettleiar, og være vere utforma i samsvar med vanlege standarder for bibliografiske referansar. Sidetal for kvar einskild bok/utdrag av bok eller artikkel samt samla tal på sider skal opplysast (for elektroniske kjelder utan sidetal rekner ein 500 ord pr. side). Pensumlista skal godkjennast av instituttet.

Vurderingsformer

Ei rettleia oppgåve på mellom 6000 og 8000 ord (ikkje medrekna innhaldsliste, litteraturliste etc). Emnet for oppgåva skal vere godkjend av faglærar på førehand. Oppgåva blir sensurert ved slutten av semesteret.

Eksamen blir arrangert kvart semester.

Dei obligatoriske arbeidskrava må vere godkjende før ein kan gå opp til eksamen i emnet.

Karakterskala

Karakterskala frå A til F

Litteraturliste

Studenten legg opp pensum i samråd med faglærar.

Emneevaluering

Emnet blir evaluert med jamne mellomrom

Kontaktinformasjon

Institutt for filosofi og førstesemesterstudier

E-post: studierettleiar@fof.uib.no