Emner: FRAN100 Introduksjon til franskstudiet - Høst 2014




Studiepoeng

10.0

Studienivå (studiesyklus)

Bachelor

Undervisningsspråk

 Fransk og norsk

Undervisningssemester

 Haust

Undervisningsstad

Bergen

Mål og innhald

Kurset gjev ei grunnleggjande innføring i fransk språk og kultur og skal danna eit godt grunnlag for vidare studium i fransk.

Læringsutbyte

Studentane skal læra seg å meistra dei viktigaste reglane i fransk grammatikk.

Dei skal kunna lesa, forstå, omsetja og gjera greie for innhaldet i enkle tekstar, munnleg og skriftleg.

Krav til forkunnskapar

Ingen

Tilrådde forkunnskapar

Tilsvarande fransk nivå I eller II frå vidaregåande skole.

Krav til studierett

 Emnet er ope for alle med studierett ved UiB.

Undervisningsformer og omfang av organisert undervisning

Kurset går over heile haustsemesteret (12 veker) med normalt 4 timar undervisning i veka. Undervisningsformene vil vera førelesingar kombinerte med øvingar, omsetjingar, lesevurdering, samtaler og liknande.

Obligatorisk undervisningsaktivitet

Studentane skal halde eit munnleg innlegg på minst 5 minutt. Nærmare retningslinjer blir gjeve i samanheng med undervisninga.

Vurderingsformer

 Ein avsluttande skriftleg eksamen på 4 timar.

Karakterskala

Ved sensur av emnet nyttar ein karakterskalaen A-F, der F er stryk.

Fagleg overlapp

Litteraturliste

 Fløttum/Halvorsen/Lorentzen: Fransk språklære + Øvingsbok til denne

Emneevaluering

Undervisninga blir evaluert i tråd med UiB sitt kvalitetssikringssystem.

Kontaktinformasjon

mailto:studierettleiar@if.uib.no

mailto:studierettleiar@if.uib.nostudierettleiar@if.uib.no

Institutt

Institutt for framandspråk