Emner: FRAN101 Fransk grammatikk - Høst 2014




Studienivå (studiesyklus)

Bachelor

Undervisningsspråk

Norsk

Undervisningssemester

Vår

Undervisningsstad

Bergen

Mål og innhald

Emnet skal gje kunnskap om fransk språkstruktur særlig innan syntaks og morfologi. Det skal òg gje studentane eit presist språkvitskapleg omgrepsapparat som arbeidsreiskap. Emnet skal òg vera med på å øva opp evna hjå studentane til å uttrykkja seg på standardfransk.

Læringsutbyte

Studentane skal ha fått grunnleggjande kunnskap om det franske språksystemet og ei viss forståing og meistring av eit presist språkvitskapleg omgrepsapparat. Studentane skal ha utvikla dugleik i å uttrykkja seg på standardfransk.

Studentane skal ha fått nok kompetanse til å kunne vidareutvikla sine kunnskapar t.d. gjennom studiet av grammatikk på 200-nivå.

Krav til forkunnskapar

Ingen

Tilrådde forkunnskapar

For å gjennomføra emnet med godt resultat, trengst det førekunnskapar i fransk som svarar til minst nivå 2 frå vidaregåande skule.

Krav til studierett

Emnet er ope for alle med studierett ved UiB.

Undervisningsformer og omfang av organisert undervisning

Undervisninga omfattar oversiktsførelesingar og øvingstimar.

Omfanget er 4 - 5 timar per veke i 10 veker.

Obligatorisk undervisningsaktivitet

Studentane skal levera inn to obligatoriske øvingsoppgåver i løpet av undervisningssemesteret. Oppgåvene må vera godkjende før ein kan ta eksamen i emnet.

Vurderingsformer

Eksamen er todelt:

 

mappevurdering

skoleeksamen

 

Dei to delane tel 50 prosent kvar av den samla karakteren i emnet. Det er høve til å ta med seg ein deleksamen i inntil to semester etter at deleksamenen er greidd.


Mappevurdering:
Studenten skal levera to skriftlege svar, kvart på om lag 1000 ord, til mappevurdering i slutten av undervisningssemesteret. Tema for oppgåvene vert gjeve ei veke før innlevering. Det skal svarast på norsk (eventuelt eit anna skandinavisk språk). Kvar av oppgåvene tel 50% av den samla karakteren.

Skoleeksamenen:
Ein 3 timars skriftleg eksamen der studenten skal svara på norsk (eventuelt eit anna skandinavisk språk.) Studentane kan nytta eittspråkleg (fransk-fransk og eventuelt norsk-norsk) ordbok godkjend av instituttet.

Karakterskala

Ved sensur av emnet nyttar ein karakterskalaen A-F, der F er stryk.

Litteraturliste

Pensum er ein større fransk grammatikk skriven på eit skandinavisk språk med hovudvekt på morfologi og syntaks. Læreboka er skriven i eit kontrastivt perspektiv: det blir lagt stor vekt på skilnader mellom norsk og fransk for å gjera tileigninga av framandspråket lettare.

Som læremiddel brukar ein også øvingar i grammatikk som studentane kan arbeida sjølvstendig med på Internett.

Ved semesterstart vil det bli opplyst om eventuelle endringar i pensum.

Emneevaluering

Undervisninga blir evaluert i tråd med UiB sitt kvalitetssikringssystem.

Kontaktinformasjon

studierettleiar@if.uib.no