Studentane skal ha fått grunnleggjande kunnskap om det franske språksystemet og ei viss forståing og meistring av eit presist språkvitskapleg omgrepsapparat. Studentane skal ha utvikla dugleik i å uttrykkja seg på standardfransk.
Studentane skal ha fått nok kompetanse til å kunne vidareutvikla sine kunnskapar t.d. gjennom studiet av grammatikk på 200-nivå.
Undervisninga omfattar oversiktsførelesingar og øvingstimar.
Omfanget er 4 - 5 timar per veke i 10 veker.
Eksamen er todelt:
Dei to delane tel 50 prosent kvar av den samla karakteren i emnet. Det er høve til å ta med seg ein deleksamen i inntil to semester etter at deleksamenen er greidd.
Mappevurdering:
Studenten skal levera to skriftlege svar, kvart på om lag 1000 ord, til mappevurdering i slutten av undervisningssemesteret. Tema for oppgåvene vert gjeve ei veke før innlevering. Det skal svarast på norsk (eventuelt eit anna skandinavisk språk). Kvar av oppgåvene tel 50% av den samla karakteren.
Skoleeksamenen:
Ein 3 timars skriftleg eksamen der studenten skal svara på norsk (eventuelt eit anna skandinavisk språk.) Studentane kan nytta eittspråkleg (fransk-fransk og eventuelt norsk-norsk) ordbok godkjend av instituttet.
Pensum er ein større fransk grammatikk skriven på eit skandinavisk språk med hovudvekt på morfologi og syntaks. Læreboka er skriven i eit kontrastivt perspektiv: det blir lagt stor vekt på skilnader mellom norsk og fransk for å gjera tileigninga av framandspråket lettare.
Som læremiddel brukar ein også øvingar i grammatikk som studentane kan arbeida sjølvstendig med på Internett.
Ved semesterstart vil det bli opplyst om eventuelle endringar i pensum.