Emner: FRAN105 Fransk litteratur (lektorutdanningen) - Høst 2014




Studiepoeng

5.0

Studienivå (studiesyklus)

 Bachelor

Undervisningsspråk

 Fransk

Undervisningssemester

Haust. Studentane bør ta våremna FRAN101 og FRAN103 før haustemna FRAN105, FRAN106 og FRAN114.

Undervisningsstad

Bergen 

Mål og innhald

 Litteraturemnet gir ei innføring i fransk litteratur og litteraturhistorie frå det 17. hundreåret og fram mot vår tid.

Læringsutbyte

Litteraturstudiet skal øve opp studentanes evne til å lese og tolke litterære verk gjennom øving i litterær analyse og kunnskap om dei aktuelle periodane og forfattarane. I studiet av tekstene blir det lagt vekt på dei litterære og språklege verkemidla og korleis tekstene er knytte til fransk historie, kultur og samfunn.

Krav til forkunnskapar

 Ingen

Tilrådde forkunnskapar

For å gjennomføre emnet på normert tid med godt resultat, trengs det forkunnskapar som svarer til minst B/C-språk i fransk frå vidaregåande skole.

Krav til studierett

 Emnet er berre ope for studentar som er tekne opp til Integrert Lektorutdanning ved UiB.

Undervisningsformer og omfang av organisert undervisning

Sentrale delar av pensum blir gjennomgått på førelesingar og i seminarform. Studentane arbeider dessutan med eit dataprogram som gir innføring i lyrikkterminologi og tekstanalyse.

Ein del av undervisninga fell saman med undervisninga på FRAN102.

Obligatorisk undervisningsaktivitet

Studentane skal skrive ei obligatorisk øvingsoppgåve på fransk (ca 1500 ord) i løpet av semesteret. Oppgåva blir delt ut nokre veker etter semesterstart, med innlevering 8-10 veker seinare. Datoane blir kunngjorde i samband med undervisninga og ved oppslag på emnets elektroniske heimeside. Oppgåva skal vere godkjend før ein kan ta eksamen i emnet.

Studentane skal levere pensumliste for poesiutvalet innan 1. november.

Vurderingsformer

Eksamensforma er heimeeksamen (7 dagar) med oppgjeve emne, ca. 2500 ord. Retningsliner for oppgåva vert gjevne i studiet. Oppgåva skal skrivast på fransk.

 

Ein føresetnad for å kunne ta eksamen i eit undervisningsfritt semester (våren) er at ein har fått godkjend den obligatoriske øvingsoppgåva i undervisningssemesteret.

Karakterskala

Ved sensur av emnet nyttar ein karakterskalaen A-F, der F er stryk.

Fagleg overlapp

Litteraturliste

a) Tekstpensum

Pensumet er obligatorisk og består av følgjande:

Det 17. hundreåret: 1 drama

Det 18. hundreåret: utdrag fra et verk, og et verk kursorisk

Det 19. hundreåret: 3 noveller

Det 20. hundreåret: 1 roman og 2 noveller

I tillegg kjem 7 sider lyrikk frå det 19. og 20. hundreåret.

 

På Studentportalen ligger det opplysningar om kva tekster som til ein kvar tid er pensum.

 

b) Litteraturhistorie

Studenten les utdrag av ei innføring i fransk litteraturhistorie frå det 17. til det 20. hundreåret. Studentane må og sjølve skaffe seg grundigare kjennskap til forfattarane som er lagt opp på pensum. Stoff om dei einskilde forfattarane finst på internett, i litteraturhistorier, leksika og kommentarbøker til pensumverka.

Emneevaluering

Studiet vil med jamne mellomrom bli evaluert og eventuelt justert. 

Institutt

Institutt for fremmedspråk