Emner: FRAN114 Oversettelse norsk-fransk og fonetikk og samfunnskunnskap (med vekt på muntlig fransk) - Høst 2014




Studiepoeng

15.0

Studienivå (studiesyklus)

Bachelor

Undervisningsspråk

Norsk og fransk

Undervisningssemester

Haust

Undervisningsstad

Bergen og Caen

Mål og innhald

Emnet har tre komponentar:

 

(a) Munnleg fransk (konversasjon) knytt til eit pensum i franske samfunnstilhøve

(b) Fransk uttale (lesedugleik) knytt til eit pensum i fonetikk

(c) Omsetjing norsk-fransk

 

Emnet skal

(a) øva opp evna til å samtala på fransk om det franske samfunnet og samfunnsdebatten i dag

(b) gje studentane ei god fransk uttale, styrkja lesedugleiken deira og gjera dei i stand til å gjera greie for hovudprinsippa i fransk uttale

(c) Læra studentane å omsetja frå norsk til fransk enklare tekstar tekne frå til dømes aviser og skjønnlitteratur. Gjera studentane vane med bruk av eittspråklege og tospråklege ordbøker i omsetjingsarbeidet.

Læringsutbyte

Etter fullført emne skal studentane (a) ha inngåande kjennskap til konstitusjonelle, politiske, kulturelle og sosiale tilhøve ved det franske samfunnet i dag, (b) kjenna til hovudprinsippa i fransk uttale og (c) ha kunnskap om viktige skilnader mellom fransk og norsk setningsstruktur.

Studentane skal (a) vera i stand til å samtala på fransk om det franske samfunnet og samfunnsdebatten i dag, (b) ha ei god fransk uttale og (c) vera i stand til å omsetja enklare allmennspråklege tekstar frå norsk til fransk

Studentane skal vera i stand til å følgja med i og kunna vurdera fransk samfunnsdebatt ut frå dei kunnskapane dei har fått.

Dei skal vera kompetente til å arbeida med norsk-fransk omsetjing på eit høgare nivå, t.d. ved å ta FRAN201.

Krav til forkunnskapar

Ingen

Tilrådde forkunnskapar

For å gjennomføra emnet med godt resultat, trengst det førekunnskapar i fransk som svarar til minst nivå 2 frå vidaregåande skole.

Studentane bør ta våremna FRAN101 og FRAN103 før dei tek til med haustemna FRAN102 og FRAN114.

Krav til studierett

Emnet er ope for alle med ein studierett ved UiB.

Undervisningsformer og omfang av organisert undervisning

Kvar haust organiserer instituttet eit 7-vekers opphald for studentane i FRAN114 ved Det norske studiesenteret i Caen, med gjennomgang av pensum i franske samfunnstilhøve og fonetikk. Grunnkurset i fonetikk gjev dei viktigaste prinsippa for artikulasjon, lydsystem, rytme og intonasjonsmønster. For dei som ikkje kan følgja FRAN114 i Caen blir det gitt om lag 12 førelesingstimar i samfunnskunnskap og 12 førelesingstimar i fonetikk i løpet av dei 7 vekene dei andre studentane er i Caen. Samstundes blir det gitt om lag 6 timar praktiske øvingar i gruppe. For alle studentane blir det gitt om lag 28 førelesingstimar i omsetjing norsk-fransk i perioden før og etter 7-vekers-opphaldet.

Obligatorisk undervisningsaktivitet

Studentane må levera inn og få godkjent to omsetjingsoppgåver i undervisningssemesteret før dei kan gå opp til munnleg og skriftleg eksamen.

Vurderingsformer

Eksamen er todelt:

1) Munnleg eksamen knytt til pensum i franske samfunnstilhøve og i fonetikk. Eksamen inneheld ei samtale på grunnlag av ein ukjend tekst med emne knytt til pensum i samfunnskunnskap. Kandidatane får teksten om lag 30 minutt før eksamen. Emnekunnskap og språkleg dugleik tel likt i vurderinga av den munnlege prestasjonen.

Eksamen inneheld òg høgtlesing av ein tekst der studenten må kommentera uttala, og spørsmål frå det teoretiske pensumet i fonetikk.
2) Skriftleg skoleeksamen (3 timar) i omsetjing norsk-fransk. Ein kan nytta eittspråkleg (fransk-fransk og eventuelt norsk-norsk) ordbok godkjend av instituttet

Munnleg eksamen tel 2/3 og skriftleg eksamen tel 1/3 av samla karakter i emnet.

Det er høve til å ta med seg ein deleksamen i inntil to semester etter at deleksamenen er greidd.

Karakterskala

Ved sensur av emnet nyttar ein karakterskalaen A-F, der F er stryk.

Litteraturliste

I tillegg til pensum i franske samfunnstilhøve/munnleg fransk er det ein føresetnad at studenten har generell kjennskap til fransk kultur og samfunn. Dette kan ein skaffa seg t.d. ved å følgja med på fransk radio og fjernsyn, lesa franskspråklege aviser og bruka internett.

Omsetjing norsk-fransk er ikkje knytt til eit særskilt pensum, men eit oversyn over ordbøker finst på internett. Der finst òg eit oversyn over pensum i franske samfunnstilhøve/munnleg fransk og uttale. Ein finn informasjon om pensum på Mi Side. Ved semesterstart vil det bli opplyst om eventuelle endringar i pensum.

Emneevaluering

Undervisninga blir evaluert i tråd med UiB sitt kvalitetssikringssystem. 

Kontaktinformasjon

studierettleiar@if.uib.no