Emner: FRAN122 Innføring i moderne franskspråkleg litteratur - Høst 2024




Studiepoeng, omfang

Emnet FRAN122 har eit omfang på 10 studiepoeng.

Studienivå (studiesyklus)

Bachelor

Fulltid/deltid

-

Undervisningsspråk

Fransk

Undervisningssemester

Vår

Emnet går første gang våren 2019

Undervisningsstad

Bergen

Dette emnet finst òg som reint nettstudium (FRAN622)

Mål og innhald

Emnet skal gje ei innføring i fransk og frankofon litteratur og litteraturhistorie frå 1900-talet og fram til vår tid. Formålet er å utvikla evna hjå studentane til å lesa og tolka skjønnlitterære tekstar gjennom øving i litterær analyse og kunnskap om dei aktuelle periodane og forfattarane. I studiet av tekstane vert merksemda retta mot litterære og språklege verkemiddel og korleis tekstane er knytte til fransk og frankofon litteratur- og kulturhistorie.

Læringsutbyte

Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbytte:

Kunnskap

Studenten

Ferdigheiter

Studenten

Generell kompetanse

Studenten

Krav til forkunnskapar

Ingen formelle krav, men all undervisninga skjer på fransk og føreset gode franskkunnskapar. Sjå tilrådde forkunnskapar.

Tilrådde forkunnskapar

For å gjennomføra emnet med godt resultat, trengst det førekunnskapar i fransk som svarar til minst nivå 2 frå vidaregåande skule.

Studiepoengsreduksjon

På grunn av fagleg overlapp blir uttellinga i studiepoeng for FRAN122 redusert med 10 studiepoeng om det blir kombinert med FRAN102 eller FRAN622. Det blir redusert med 5 studiepoeng om det blir kombinert med FRAN105 eller FRAN106.

Krav til studierett

Emnet er ope for alle med studierett ved UiB.

Arbeids- og undervisningsformer

Om lag 3 timar undervisning per veke i 10 veker. Det kan òg bli noko fellesundervisning på nett saman med FRAN622.

Før undervisninga får studentane tilgang til førebuingsmateriale på læringsplattformen MittUiB med f.eks. introduksjonsvideoar/videoførelesningar, notatar, oppgåver og diskusjonsforum. Undervisninga skjer normalt på campus og føreset at studentane i forkant

aktivt har arbeidd med førebuingsmaterialet. Undervisninga består av førelesingar og seminar samt filmframsyning. Det blir gitt rettleiing i samband med den obligatoriske øvingsoppgåva.

I byrjinga av semesteret organiserer instituttet normalt eit fire-vekers kurs for studentane ved Det norske studiesenteret i Caen, med fokus på munnleg og skriftleg fransk. Kurset er gratis, men studentane må sjølv betala for reise og opphald. Det er mogeleg å få bu hos ein fransk vertsfamilie. Du kan søkja Lånekassen om reisestipend.

Dersom ressursane tillèt det, blir det halde kollokvier/oppgåveseminar. Om det melder seg færre enn fem studentar til eit emne, kan undervisningstilbodet bli tilpassa studenttalet. Studentane vil i så fall bli informerte om det alternative undervisningsopplegget ved semesterstart og før semesterregistreringsfristen.

Obligatorisk undervisningsaktivitet

Det blir kravd at studentane deltek på minimum 75% av undervisninga (også digital) for å få gå opp til vurdering i emnet.

I løpet av dei første fire vekene skal studentane laga ei fransk-norsk ordliste (minimum 50 ord) frå eit gitt pensumverk til publisering på plattformen og til felles bruk

I samband med undervisninga skal studentane halde ei munnleg framføring på 10 - 15 minutt. Det blir lagt til rette for at studentane kan samarbeida under arbeidet med presentasjonen. Studentane førebur framføringa under rettleiing av faglærar. Framføringa skal vere godkjend før ein kan ta eksamen i emnet.

Godkjenninga av obligatoriske arbeidskrav er gyldig i undervisningssemesteret og to påfølgjande semester.

Vurderingsformer

Ein munnleg eksamen på fransk i fransk litteratur på om lag 20 minutt. Evne til å uttrykka seg munnleg på fransk og kunnskap om pensum tel om lag like mykje for karakteren i emnet.

Hjelpemiddel til eksamen

Karakterskala

Det vert nytta gradert karakterskala frå A til F, der F er stryk.

Vurderingssemester

Vår. Der er òg vurdering tidleg i haustsemesteret for studentar med gyldig godkjenning av obligatoriske arbeidskrav.

Litteraturliste

a) Tekstpensum

Pensumet inneheld eit utval tekstar i ulike sjangre og frå ulike periodar av fransk litteraturhistorie frå 1900 og fram mot vår tid.

I litteraturlista ligg det opplysningar om kva tekstar som til ei kvar tid er pensum.

b) Litteraturhistorie

Studentane lyt skaffa seg grundigare kjennskap til nyare fransk litteraturhistorie og til forfattarane som er lagde opp på pensum. Stoff om dei einskilde forfattarane finst i litteraturhistorier, leksika og kommentarbøker til pensumverka.

Litteraturlista vil vere klar innan 01.12.

Emneevaluering

Emneevalueringar blir gjennomførte i tråd med UiB sitt kvalitetssikringssystem.

Programansvarleg

Programstyret har ansvar for fagleg innhald og oppbygging av studiet og for kvaliteten på studieprogrammet og alle emna der.

Emneansvarleg

Programstyre for fransk

Administrativt ansvarleg

Det humanistiske fakultet ved Institutt for framandspråk har det administrative ansvaret for emnet og studieprogrammet.

Kontaktinformasjon

Studierettleiar: studierettleiar@if.uib.no

Eksamensadministrasjon: eksamen@if.uib.no

Institutt

Institutt for fremmedspråk