Emnet inneheld følgjande komponentar:
- Fransk grammatikk
- Omsetjing norsk-fransk/fransk-norsk
- 5 litterære verk
Arbeidet med omsetjing og grammatikk skal gje studentane større innsikt og dugleik i moderne fransk språk.
Studiet av litteratur (5 verk av desse 2 skrivne før 1600) skal gi studentane kjennskap til både eldre og nyare fransk litteratur.
Etter fullført emne skal studenten ha kjennskap til moderne tilnærmingsmåtar innan fransk grammatikk, og dei skal ha lese 5 litterære verk (evt. i utdrag ), av dei minst 2 fra tida før 1600, og kunna bruka moderne litterære og/eller språklege analysemetodar i arbeidet med verka.
Dei skal vidare ha innsikt i kontrastive problemstillingar i omsetjing mellom norsk og fransk.
Studentane skal vera i stand til å gjera greie for hovuddraga i moderne fransk grammatikk. Dei skal kunna omsetja, frå fransk til norsk og frå norsk til fransk, autentiske tekstar innan ulike sjangrar.
Studentane vil etter fullført emne ha eit grunnlag for å halda fram med forskingsverksemd innan moderne fransk grammatikk og litteraturvitskap.
Eksamen er tredelt:
1) Ein skriftleg skoleeksamen i grammatikk (tre timar)
2) Ein skriftleg skoleeksamen i omsetjing (tre timar)
På skriftleg eksamen kan ein nytta eittspråkleg (fransk-fransk og eventuelt norsk-norsk) ordbok godkjend av instituttet.
3) Ein munnleg eksamen i litteratur.
Det blir gjeve karakter A-F på dei tre vurderingsdelane, og kvar del tel 1/3 av samla karakter.
Det er høve til å ta med seg ein deleksamen i inntil to semester etter at deleksamenen er greidd.
Grammatikk: ca. 200 sider henta frå ein større franskspråkleg grammatikk, eventuelt i kombinasjon med artiklar om grammatiske emne.
Litterært og/eller språkleg studium av 5 valfrie skjønnlitterære verk, evt. i utdrag. 2 av desse må vera skrivne før år 1600.
Det er ikkje knytt eit fast pensum til omsetjing, men omsetjingsoppgåvene kan knyttast til dei litterære verka på kandidaten si pensumliste. Ved semesterstart vil det bli opplyst om moglege endringar i pensum.