Emner: FRAN302 Grammatikk, oversettelse og litteratur - Vår 2014




Studiepoeng

15.0

Studienivå (studiesyklus)

Master

Undervisningsspråk

Fransk og norsk

Undervisningssemester

Vår

Undervisningsstad

Bergen

Mål og innhald

Emnet inneheld følgjande komponentar:

- Fransk grammatikk

- Omsetjing norsk-fransk/fransk-norsk

- 5 litterære verk

Arbeidet med omsetjing og grammatikk skal gje studentane større innsikt og dugleik i moderne fransk språk.

Studiet av litteratur (5 verk av desse 2 skrivne før 1600) skal gi studentane kjennskap til både eldre og nyare fransk litteratur.

Læringsutbyte

Etter fullført emne skal studenten ha kjennskap til moderne tilnærmingsmåtar innan fransk grammatikk, og dei skal ha lese 5 litterære verk (evt. i utdrag ), av dei minst 2 fra tida før 1600, og kunna bruka moderne litterære og/eller språklege analysemetodar i arbeidet med verka.

Dei skal vidare ha innsikt i kontrastive problemstillingar i omsetjing mellom norsk og fransk.

Studentane skal vera i stand til å gjera greie for hovuddraga i moderne fransk grammatikk. Dei skal kunna omsetja, frå fransk til norsk og frå norsk til fransk, autentiske tekstar innan ulike sjangrar.

Studentane vil etter fullført emne ha eit grunnlag for å halda fram med forskingsverksemd innan moderne fransk grammatikk og litteraturvitskap.

Krav til forkunnskapar

Bachelorgrad med spesialisering i fransk.

Tilrådde forkunnskapar

Fransk 100- og 200-nivå eller tilsvarande.

Krav til studierett

Emnet er ope for studentar med studierett på masterprogrammet i fransk ved Universitetet i Bergen.

Undervisningsformer og omfang av organisert undervisning

Det blir gjeve førelesingar og seminar i grammatikk, omsetjing og litteratur. Ein dobbelttime per veke i kvar disiplin i om lag 10 veker.

Obligatorisk undervisningsaktivitet

For å kunna ta eksamen i emnet må studentane få godkjent to av omsetjingsoppgåvene (ei norsk-fransk og ei fransk-norsk) som er blitt gjevne i samband med undervisninga. Pensumliste må leverast og godkjennas til avtalt dato.

Vurderingsformer

Eksamen er tredelt:

1) Ein skriftleg skoleeksamen i grammatikk (tre timar)

2) Ein skriftleg skoleeksamen i omsetjing (fire timar)

På skriftleg eksamen kan ein nytta eittspråkleg (fransk-fransk og eventuelt norsk-norsk) ordbok godkjend av instituttet.

3) Ein munnleg eksamen i litteratur.

Det blir gjeve karakter A-F på dei tre vurderingsdelane, og kvar del tel 1/3 av samla karakter.

Det er høve til å ta med seg ein deleksamen i inntil to semester etter at deleksamenen er greidd.

Karakterskala

Ved sensur av emnet nyttar ein karakterskalaen A-F, der F er stryk.

Litteraturliste

Grammatikk: ca. 200 sider henta frå ein større franskspråkleg grammatikk, eventuelt i kombinasjon med artiklar om grammatiske emne.

Litterært og/eller språkleg studium av 5 valfrie skjønnlitterære verk, evt. i utdrag. 2 av desse må vera skrivne før år 1600.

Det er ikkje knytt eit fast pensum til omsetjing, men omsetjingsoppgåvene kan knyttast til dei litterære verka på kandidaten si pensumliste. Ved semesterstart vil det bli opplyst om moglege endringar i pensum.

Emneevaluering

Undervisninga blir evaluert i tråd med UiB sitt kvalitetssikringssystem.

Kontaktinformasjon

studierettleiar@if.uib.no