Emnet inneheld følgjande komponentar:
- Fransk grammatikk
- Fransk fagdidaktikk
- Mellomalderfransk
Siktemålet for grammatikk-komponenten er studiet av fransk språksystem i lys av moderne lingvistisk teori.
Arbeidet med fransk fagdidaktikk skal gje studentane
større innsikt i samanhengar mellom språklæring og arbeid med språk, tekst og kultur.
Studiet av tekstar skrivne på mellomalderfransk skal
gje ei innføring i grunnlaget for framveksten av
fransk språk og litteratur.
Etter fullført emne skal studenten
- ha større innsikt i moderne fransk språk og dessutan ha kjennskap til moderne tilnærmingsmåtar innan fransk grammatikk,
- ha kunnskap om sentrale fagdidaktiske omgrep
- kjenna hovudlinene i mellomalderfransk syntaks og leksikon, og ha ei viss innsikt i morfologien.
Studentane skal vera i stand til
- å gjera greie for hovuddraga i moderne fransk grammatikk
- å gjera munnleg og skriftleg greie for franskfaget som dannings- og dugleiksfag
- å omsetja pensumtekstar frå mellomalderfransk til moderne fransk og gjera greie for dei viktigaste skilnadane
Studentane vil etter fullført emne ha eit grunnlag for å halda fram med forskingsverksemd innan moderne fransk grammatikk, fagdidaktikk og mellomalderfransk.
Det blir gjeve førelesingar og seminar i grammatikk, fagdidaktikk og mellomalderfransk. Ein dobbelttime per veke i kvar disiplin i 8-10 veker.
Undervisninga i fagdidaktikk går saman med undervisninga i FRANDI201. Undervisninga i grammatikk og mellomalderfransk går saman med FRAN302.
Studentane må levera og få godkjend pensumlista i undervisningssemesteret.
Studentane må, seinast fire veker før eksamen, få godkjent eit munnleg innlegg (ca 10 minutt) knytt til pensum i fagdidaktikk. Studentane utarbeidar innlegget i samråd med faglærar. Skriftleg grunnlag for innlegget skal leverast samstundes med innlegget.
Eksamen er tredelt:
1) Ei skriftleg prøve i grammatikk (tre timar).
Ein kan nytta eittspråkleg (fransk-fransk) ordbok godkjend av instituttet.
2) Heimeeksamen (1 veke) i fagdidaktikk på om lag 1500 ord over eit oppgjeve tema som skal skrivast på fransk.
3) Ei munnleg prøve i pensum i mellomalderfransk.
Kvar del tel 1/3 av samla karakter i emnet og alle delar må vera bestått for å få bestått resultat i emnet.
Det er høve til å ta med seg ein deleksamen i inntil to semester etter at deleksamenen er greidd.
Grammatikk: ca. 200 sider henta frå ein større franskspråkleg grammatikk, eventuelt i kombinasjon med artiklar om grammatiske emne.
Fagdidaktikk: omlag 350 sider som vert valt i samråd med faglærar.
Mellomalderfransk: Språkleg og litterært studium av eit stuttare litterært verk eller av eit utdrag på ca. 800 (vers)liner frå eit lengre verk frå fransk mellomalder.