Emner: FRAN303 Språklig eller litterært særemne, skriftlig - Høst 2014




Studiepoeng

15.0

Studienivå (studiesyklus)

Master

Undervisningsspråk

Fransk

Undervisningssemester

Vår og haust

Undervisningsstad

Bergen

Mål og innhald

Målet med emnet er ei fordjuping i ei språkleg eller litterær problemstilling. Den språklege problemstillinga kan vera henta t.d. frå fransk fonologi, syntaks, semantikk, leksikologi, tekstlingvistikk eller sosiolingvistikk. Den litterære problemstillinga kan til dømes vera knytt til ein sjanger, ein periode, eit forfattarskap, eit litteraturvitskapleg grunnlagsproblem eller liknande.

Læringsutbyte

Kunnskapar

Etter fullført språkleg emne skal studenten ha god innsikt i teoretisk basis og metodiske innfallsvinklar for det feltet som er blitt gjennomgått, og kjennskap til nyare forsking innan dette feltet. Etter fullført litterært emne skal studenten ha god innsikt i problemstillingar knytte til litteratur og litteraturteori som er blitt gjennomgåtte, og kjennskap til nyare forsking innan det aktuelle feltet.

Dugleik

Etter fullført emne skal studenten vera i stand til å gje undervisning og drive forsking og anna fagleg utviklingsarbeid som gjeld temaet emnet omhandlar.

Generell kompetanse

Ved fullført emne skal studenten ha overblikk over det temaet som er gjennomgått, slik at han/ho kan representera fagfeltet i tverrfaglege og internasjonale samanhengar.

Studenten skal kunna planleggja og gjennomføra arbeidsoppgåver som strekkjer seg over ei viss tid.

Han/ho skal sjølvstendig kunna halda fram med eiga kompetanseutvikling og spesialisering.

Krav til forkunnskapar

Bachelorgrad med spesialisering i fransk.

Tilrådde forkunnskapar

Fransk 100- og 200-nivå eller tilsvarande.

Krav til studierett

Emnet er ope for studentar med studierett på masterprogrammet i fransk ved Universitetet i Bergen.

Undervisningsformer og omfang av organisert undervisning

Undervisninga blir gjeven i seminarform, 12 dobbelttimar i semesteret.

Obligatorisk undervisningsaktivitet

For å ta eksamen i emnet, skal studentane seinast fire veker før eksamen ha fått godkjent eit munnleg innlegg (ca 15 minutt) knytt til pensum i emnet. Studentane utarbeider innlegget i samråd med faglærar. Manuskriptet til innlegget skal leverast samstundes med innlegget.

I samband med semesteroppgåva skal det vera minst eitt rettleiingsmøte.

Dei obligatoriske arbeidskrava er godkjende i eitt semester utover undervisningssemesteret.

Vurderingsformer

Eksamen vert arrangert på slutten av emneseminaret. Eksamen inneheld ei tre vekers skriftleg semesteroppgåve på ca 4000 ord, med obligatorisk rettleiing.

Karakterskala

Ved sensur av emnet nyttar ein karakterskalaen A-F, der F er stryk.

Litteraturliste

Pensum i språkleg fordjuping er på om lag 200 sider. Pensum i litterær fordjuping er samansett av ein litterær del (3-5 litterære verk), og ein teoretisk del (om lag 100 sider).

Ved semesterstart vil det bli opplyst om eventuelle endringar i pensum.

Emneevaluering

Undervisninga blir evaluert i tråd med UiB sitt kvalitetssikringssystem.

Kontaktinformasjon

studierettleiar@if.uib.no