Emner: FRAN304 Språklig og litterært særemne, muntlig - Vår 2014




Studiepoeng

15.0

Studienivå (studiesyklus)

Master

Undervisningsspråk

Fransk

Undervisningssemester

Vår og haust

Undervisningsstad

Bergen

Mål og innhald

Målet med emnet er ei fordjuping i ei språkleg eller litterær problemstilling. Den språklege problemstillinga kan vera henta t.d. frå fransk fonologi, syntaks, semantikk, leksikologi, tekstlingvistikk eller sosiolingvistikk. Den litterære problemstillinga kan til dømes vera knytt til ein sjanger, ein periode, eit forfattarskap, eit litteraturvitskapleg grunnlagsproblem eller liknande.

Læringsutbyte

Kunnskapar

Etter fullført språkleg emne skal studenten ha god innsikt i teoretisk basis og metodiske innfallsvinklar for det feltet som er blitt gjennomgått, og kjennskap til nyare forsking innan dette feltet. Etter fullført litterært emne skal studenten ha god innsikt i problemstillingar knytte til litteratur og litteraturteori som er blitt gjennomgåtte, og kjennskap til nyare forsking innan det aktuelle feltet.

Dugleik

Etter fullført emne skal studenten vera i stand til å gje undervisning og driva forsking og anna fagleg utviklingsarbeid på internasjonalt nivå som gjeld temaet emnet omhandlar.

Generell kompetanse

Ved fullført emne skal studenten ha oversyn over det temaet som er gjennomgått, slik at han/ho kan representera fagfeltet i tverrfaglege og internasjonale samanhengar.

Krav til forkunnskapar

Bachelorgrad med spesialisering i fransk.

Tilrådde forkunnskapar

Fransk 100- og 200-nivå eller tilsvarande.

Krav til studierett

Emnet er ope for studentar med studierett på masterprogrammet i fransk ved Universitetet i Bergen.

Undervisningsformer og omfang av organisert undervisning

Undervisninga blir gitt i seminarform, 12 dobbelttimar i semesteret.

Obligatorisk undervisningsaktivitet

For å ta eksamen i emnet, skal studentane i løpet av dei 7 første førelesingsvekene ha fått godkjent eit munnleg innlegg (ca 15 minutt) knytt til pensum i emnet. Studentane utarbeider innlegget i samråd med faglærar. Manuskriptet til innlegget skal leverast samstundes med innlegget.

I samband med førebuinga til eksamensforedraget skal det vera minst eitt rettleiingsmøte.

Vurderingsformer

Eksamen vert arrangert på slutten av emneseminaret. Den har form av eit 20 minutts foredrag med ei vekes førebuing. I samband med førebuinga til foredraget er det obligatorisk rettleiing.

Karakterskala

Ved sensur av emnet nyttar ein karakterskalaen A-F, der F er stryk.

Litteraturliste

Pensum i språkleg fordjuping er på om lag 200 sider. Pensum i litterær fordjuping er samansett av ein litterær del (3-5 litterære verk), og ein teoretisk del (om lag 100 sider).

Ved semesterstart vil det bli opplyst om eventuelle endringar i pensum.

The reading list for a linguistic topic is about 200 pages.

The reading list for a literary topic consists of a literary part (3-5 fictional works) and a theoretical part (about 100 pages).

Any changes to the reading list will be announced at the beginning of the semester.

Emneevaluering

Undervisninga blir evaluert i tråd med UiB sitt kvalitetssikringssystem. 

The teaching is evaluated according to the quality assurance system of the University of Bergen.

Kontaktinformasjon

studierettleiar@if.uib.no