Emner: FRAN305 Teoretiske retninger i fransk språk- og litteraturvitenskap etter 1900 - Høst 2014
Studiepoeng
15.0Studienivå (studiesyklus)
Master
Undervisningsspråk
Fransk
Undervisningssemester
Haust
Undervisningsstad
Bergen
Mål og innhald
Emnet inngår som obligatorisk del av masterprogrammet i fransk. Emnet blir tilbode i samarbeid med NTNU og inngår i masterprogrammet i fransk der.
Emnet gir ei innføring i:
- lingvistiske teoretiske retningar frå strukturalismen til i dag.
- litteraturteoretiske retningar etter 1900.
Vidare gir emnet innsikt i korleis desse teoriane blir brukte til studium av franskspråklege tekstar og korpora.
Læringsutbyte
Ved fullført emne skal kandidaten:- ha kunnskap om sentrale teoriar innanfor moderne språk- og litteraturvitskap.
- ha innsikt i sentrale lingvistiske omgrep og kunna bruka dei i språkvitskaplege analysar.
- ha innsikt i sentrale litterære omgrep og kunne bruka dei i tekstanalyse.
- kunna relatere teori til franskspråkleg data.
- kunna byggja vidare på kunnskapen om teoriane i seinare fagleg bruk av desse.
Krav til forkunnskapar
Bachelorgrad med spesialisering i fransk.
Tilrådde forkunnskapar
Fransk 100- og 200-nivå eller tilsvarande.
Krav til studierett
Emnet er ope for studentar med studierett på masterprogrammet i fransk ved UiB og NTNU.
Undervisningsformer og omfang av organisert undervisning
Nettbasert undervisning i samarbeid med NTNU. Det vil bli ei oppstartssamling i Bergen eller Trondheim.
Obligatorisk undervisningsaktivitet
Studenten må levera eit utkast til kvar av oppgåvene.
Vurderingsformer
Mappevurdering:
- To skriftlege arbeid, eitt i lingvistikk og eitt i litteratur. Kvar oppgåve skal vera på om lag 2500 ord.
- Ei munnleg prøve (20 min) med spørsmål knytte til ei av oppgåvene.
Det blir gitt ein samla karakter. Dei skriftlege arbeida tel 2/3 og den munnlege prøva 1/3 av den samla karakteren. Alle delar må vera greidde for at emnet skal vere greidd.
Karakterskala
Ved sensur av emnet nyttar ein karakterskalaen A-F, der F er stryk.
Fagleg overlapp
Overlapp med FRAN301 (om lag 10 studiepoeng)
Litteraturliste
Pensum blir sett opp av lærarane som underviser på emnet og vil kunne variera noko frå semester til semester. Det vil bli gitt ei fullstendig pensumoversikt ved semesterstart.
Pensumomfang i språk- og litteraturvitskapelege teoriar: 350 sider
Emneevaluering
Undervisninga vert evaluert i tråd med UiB sitt kvalitetssikringssystem.
Kontaktinformasjon
studierettleiar@if.uib.no