Emner: FRAN305 Teoretiske retninger i fransk språk- og litteraturvitenskap etter 1900 - Vår 2014




Studienivå (studiesyklus)

Master

Undervisningsspråk

Fransk

Undervisningssemester

Haust

Undervisningsstad

Bergen

Mål og innhald

Emnet inngår som obligatorisk del av masterprogrammet i fransk. Emnet blir tilbode i samarbeid med NTNU og inngår i masterprogrammet i fransk der.

Emnet gir ei innføring i:

  1. lingvistiske teoretiske retningar frå strukturalismen til i dag.
  2. litteraturteoretiske retningar etter 1900.

Vidare gir emnet innsikt i korleis desse teoriane blir brukte til studium av franskspråklege tekstar og korpora.

Læringsutbyte

Ved fullført emne skal kandidaten:

Krav til forkunnskapar

Bachelorgrad med spesialisering i fransk.

Tilrådde forkunnskapar

Fransk 100- og 200-nivå eller tilsvarande.

Krav til studierett

Emnet er ope for studentar med studierett på masterprogrammet i fransk ved UiB og NTNU.

Undervisningsformer og omfang av organisert undervisning

Nettbasert undervisning i samarbeid med NTNU. Det vil bli ei oppstartssamling i Bergen eller Trondheim.

Obligatorisk undervisningsaktivitet

Studenten må levera eit utkast til kvar av oppgåvene.

Vurderingsformer

Mappevurdering:

- To skriftlege arbeid, eitt i lingvistikk og eitt i litteratur. Kvar oppgåve skal vera på om lag 2500 ord.

- Ei munnleg prøve (20 min) med spørsmål knytte til ei av oppgåvene.

Det blir gitt ein samla karakter. Dei skriftlege arbeida tel 2/3 og den munnlege prøva 1/3 av den samla karakteren. Alle delar må vera greidde for at emnet skal vere greidd.

Karakterskala

Ved sensur av emnet nyttar ein karakterskalaen A-F, der F er stryk.

Fagleg overlapp

Overlapp med FRAN301 (om lag 10 studiepoeng)

Litteraturliste

Pensum blir sett opp av lærarane som underviser på emnet og vil kunne variera noko frå semester til semester. Det vil bli gitt ei fullstendig pensumoversikt ved semesterstart.

Pensumomfang i språk- og litteraturvitskapelege teoriar: 350 sider

Emneevaluering

Undervisninga vert evaluert i tråd med UiB sitt kvalitetssikringssystem.

Kontaktinformasjon

studierettleiar@if.uib.no