Emner: FRAN306 Gramatikk, didaktikk og litteratur - Vår 2014
Studiepoeng
15.0Studienivå (studiesyklus)
Master
Undervisningsspråk
Fransk og norsk
Undervisningssemester
Vår
Undervisningsstad
Bergen
Mål og innhald
Emnet inneheld følgjande komponentar:- Fransk grammatikk
- Fransk fagdidaktikk
- 5 litterære verk
Læringsutbyte
Etter fullført emne skal studenten
- ha større innsikt i moderne fransk språk og dessutan ha kjennskap til moderne tilnærmingsmåtar innan fransk grammatikk.
- ha kunnskap om sentrale fagdidaktiske omgrep
- ha lesa 5 litterære verk, evt. i utdrag, hvorav minst 2 frå tiden før 1600, og kunne bruka moderne litterære og/eller språklege analysemetodar i arbeidet med desse verka.
Studentane skal vera i stand til
- -å gjera greie for hovuddraga i moderne fransk grammatikk
- -å gjere munnleg og skriftleg greie for franskfaget som dannings- og dugleiksfag
- -å bruka moderne analysemetodar i arbeidet med 5 litterære verk, av dei minst 2 frå tida før 1600.
Studentane vil etter fullført emne ha eit grunnlag for å halda fram med forskingsverksemd innan moderne fransk grammatikk, fagdidaktikk og litteraturvitskap.
Krav til forkunnskapar
Bachelorgrad med spesialisering i fransk.
Tilrådde forkunnskapar
Fransk 100- og 200-nivå eller tilsvarande.
Krav til studierett
Emnet er ope for studentar med studierett på masterprogrammet i fransk ved Universitetet i Bergen.
Undervisningsformer og omfang av organisert undervisning
Det blir gjeve førelesingar og seminar i grammatikk, didaktikk og litteratur. Ein dobbelttime per veke i kvar disiplin i om lag 10 veker.
Obligatorisk undervisningsaktivitet
For å kunna ta eksamen i emnet må studentane få godkjent en obligatorisk oppgåve i fagdidaktikk som er blitt gjeven i samband med undervisninga.
Vurderingsformer
Eksamen er tredelt:
1) Ein skriftleg skoleeksamen i grammatikk (tre timar) På skoleeksamen kan ein nytta eittspråkleg (fransk-fransk og eventuelt norsk-norsk) ordbok godkjend av instituttet.
2) Ein skriftleg heimeeksamen i didaktikk. Kandidaten får 5 arbeidsdagar på oppgåva, som skal vera på fransk og på om lag 1500 ord.
3) Ein munnleg eksamen i litteratur.
Det blir gjeve karakter A-F på dei tre vurderingsdelane, og kvar del tel 1/3 av samla karakter.
Det er høve til å ta med seg ein deleksamen i inntil to semester etter at deleksamenen er greidd.
Karakterskala
Ved sensur av emnet nyttar ein karakterskalaen A-F, der F er stryk.
Fagleg overlapp
Vurderingssemester
Litteraturliste
Grammatikk: om lag 200 sider henta frå ein større franskspråkleg grammatikk, eventuelt i kombinasjon med artiklar om grammatiske emne.
Språkleg og litterært studium av 5 valfrie skjønnlitterære verk, evt. i utdrag. 2 av desse må vere skrivne før år 1600.
Fransk fagdidaktikk: Eit utval artiklar samla i eit kompendium.
Ved semesterstart vil det bli opplyst om moglege endringar i pensum
Emneevaluering
Undervisninga blir evaluert i tråd med UiB sitt kvalitetssikringssystem.
Kontaktinformasjon
studierettleiar@if.uib.no