Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbytte:
Kunnskapar
Studenten
har god innsikt i teoretisk basis og metodiske innfallsvinklar for det feltet som er blitt gjennomgått
har kjennskap til nyare forsking innan dette feltet
Dugleik
Studenten
er i stand til å gje undervisning i temaet emnet omhandlar
kan drive forsking og anna fagleg utviklingsarbeid som gjeld temaet emnet omhandlar
Generell kompetanse
Studenten
har overblikk over det temaet som er gjennomgått, slik at han/ho kan representera fagfeltet i tverrfaglege og internasjonale samanhengar
kan planleggja og gjennomføra arbeidsoppgåver som strekkjer seg over ei viss tid
kan sjølvstendig halda fram med eiga kompetanseutvikling og spesialisering
Studentane skal i løpet av dei 7 første førelesingsvekene ha fått godkjent eit munnleg innlegg (ca. 15 minutt) knytt til pensum i emnet. Manuskriptet til innlegget skal leverast samstundes med innlegget.
I samband med semesteroppgåva skal det vera minst eitt rettleiingsmøte.
Godkjenninga av obligatoriske arbeidskrav er gyldig i undervisningssemesteret og semesteret etter.
Pensum i språkleg fordjuping er på om lag 200 sider.
Litteraturlista vil vere klar innan 01.06. for haustsemesteret og 01.12. for vårsemesteret.
Studierettleiar:
Eksamensadministrasjon: