Ei masteroppgåve på 70-100 sider, skriven på fransk. Ei munnleg prøve som kan justera karakteren på masteroppgåva med ein bokstavkarakter.
Alle emna i kursdelen skal som ein hovudregel vera fullførte før ein leverer masteroppgåva.
Ein student har, etter søknad, høve til å levera same oppgåva på nytt, jamfør Utfyllande reglar for gradsstudium ved Det humanistiske fakultetet.
Pensum blir sett opp av lærarane som underviser på emnet og vil kunne variera noko frå semester til semester. Det vil bli gitt ei fullstendig pensumoversikt ved semesterstart.
Pensumomfang i språk- og litteraturvitskapelege teoriar: 350 sider