Emner: GEO100 Examen facultatum - Introduksjon til geografi: Globale utfordringer og lokale svar - Høst 2014




Studiepoeng

10.0

Undervisningsspråk

Norsk

Undervisningssemester

Haust

Mål og innhald

Geografi har rolle som brubyggjar mellom samfunns- og naturvitskap. Emnet gir kunnskap om sosiale, økonomiske, politiske, miljømessige og naturgitte globale prosessar som skapar ulikskapar mellom enkelte deler av verda. I eit feltkurs på Vestlandet lærer vi korleis dei globale prosessane blir møtt med stadeigne, lokale svar.

Grunnboka set stader og regionar inn i ei global samfunnsutvikling med fokus på økonomiske, politiske og kulturelle skilnader. To kompendium skrivne for emnet gir oversikt over breidda i geografifaget og grunnlag for å forstå samspelet mellom menneske, natur og globale påverknader på den staden vi studerer på feltkurset. Emnet eignar seg ikkje berre som innleiing til geografi, men også for dei som er opptekne av utviklingsstudiar, Europastudiar eller miljøspørsmål.

Læringsutbyte

 

 Etter å ha fullført emnet skal studenten kunne.

 

 

Krav til forkunnskapar

Ingen. Vert tilrådd ved sida av (i tillegg til) ex.phil. og SV100 - Samfunnsvitskaplege tenkemåtar.

Krav til studierett

Emnet er ope for studentar ved UiB.

Undervisningsformer og omfang av organisert undervisning

2 førelesingar á 2 timer pr. veke.

Totalt 16-18 førelesingar

1 seminar á 2 timer pr. veke. Totalt 7-8 seminar

1 heildagsseminar

Feltkurs 2-3 dagar (talet på dagar avheng av reiseavstand)

Obligatorisk undervisningsaktivitet

Godkjend rapport frå feltkurs

Vurderingsformer

Skriftleg eksamen 4 timer

Karakterskala

Karakterskala A-F

Vurderingssemester

Haust

Emneevaluering

Institutt for geografi evaluerer ein tredjedel av kursporteføljen kvart semester. GEO100 vil difor bli evaluert minimum kvar tredje gong kurset vert undervist.

Kontaktinformasjon

Institutt for geografi

studieveileder@geog.uib.no