Emner: GEO100 Examen facultatum - Introduksjon til geografi: Globale utfordringer og lokale svar - Høst 2018
Undervisningsspråk
Norsk
Undervisningssemester
Haust
Mål og innhald
Geografi har ei rolle innan samfunns- og naturvitskap og som brubyggjar mellom desse to retningane. Emnet skal gjere studentane kjende med geografifaget si historie og ulike faglige retningane i geografifaget. Studentane får ei i innføring i sentrale geografiske omgrep, teoriar, metodar og tenkjemåtar. Eit feltkurs på Vestlandet gir ei innføring i korleis observasjonar i felt vert skildra, tolka og kobla til den teoretiske litteraturen.
Læringsutbyte
Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbyte definert i kunnskap, ferdigheiter og generell kompetanse:
Kunnskap
Studenten
- har kunnskap om geografifaget si historie, tradisjonar, eigenart og plass i samfunnet.
- har kunnskap om dei sentrale tema, teoriar og problemstillingar innanfor geografifaget.
- har kunnskap om meininga av skala i det geografiske rom og prosessar på ulike tidsaksar.
Ferdigheter
Studenten
- kan gi ei vitskapleg skildring av observasjonar i felt
- kan bruke eit presist fagspråk
- kan bruke akademisk referanseteknikk
Generell kompetanse
Studenten
- kan formidle kunnskap om kva som kjenneteikner geografi som fag.
- kan greie ut om samanhengen mellom naturressursar og samfunnsutvikling.
- kan jobbe individuelt og i gruppe.
Krav til forkunnskapar
Ingen.
Krav til studierett
Emnet er ope for studentar ved UiB.
Arbeids- og undervisningsformer
2 førelesingar á 2 timer pr. veke.
Totalt 12-13 førelesingar
1 seminar á 2 timer pr. veke. Totalt 6-7 seminar
1-2 dager feltkurs
Obligatorisk undervisningsaktivitet
Godkjend rapport frå feltkurs
Vurderingsformer
Skriftleg eksamen 4 timer
Karakterskala
Karakterskala A-F
Vurderingssemester
Eksamen vert berre tilbydd i undervisningssemesteret. Ny eksamen påfølgande semester berre for studentar med http://www.uib.no/svf/38461/gyldig-frav%C3%A6r-p%C3%A5-eksamen-ved-det-samfunnsvitenskapelige-fakultetrett til ny vurdering.
Emneevaluering
Institutt for geografi evaluerer ein tredjedel av kursporteføljen kvart semester. GEO100 vil difor bli evaluert minimum kvar tredje gong kurset vert undervist.
Kontaktinformasjon
Institutt for geografi
studieveileder@geog.uib.no