Emner: GEO112 Vegetasjon, klima og marin geografi - Vår 2014




Undervisningsspråk

Norsk

Undervisningssemester

Haust

Mål og innhald

Målet er å gi innsikt i dei prosessar som verkar i atmosfæren, på land og i havet, og korleis desse avgrensar og gir høve til å utnytte ressursane på jorda.

Emnet tek føre seg atmosfæriske, oseanografiske og biogeografiske forhold og handsamar desse gjennom tema som meteorologi, klimatologi, vegetasjonsgeografi og marin geografi. Det vert gitt ei innføring i økologisk teori og forståing av dei miljømessige vilkåra for vegetasjonen si globale fordeling, samt korleis menneske har påverka jorda sitt økosystem og plantedekke. Dei geologiske, biologiske, fysiske og kjemiske forhold i havet, samt overvakingsmetodar, vil bli studert som grunnlag for å forstå det gjensidige forholdet mellom menneske og havet.

Læringsutbyte

Etter å ha fullført emnet skal studenten kunne:

 

 

Krav til forkunnskapar

Ingen

Tilrådde forkunnskapar

GEO111, GEO115

Krav til studierett

Emnet er ope for studentar ved UiB.

Undervisningsformer og omfang av organisert undervisning

3 førelesingar á 2 timer pr. veke.

Totalt 24-26 førelesingar

1 seminar á 2 timer pr. veke. Totalt 8 seminar

1 datalab á 3 timer

1 heildagsekskursjon

Obligatorisk undervisningsaktivitet

Skriftlege innleveringar av 3 oppgåver og deltaking på dagsekskursjon. Oppgåvene må vere godkjente innan fastsett deadline og før skriftleg eksamen.

Vurderingsformer

Skriftleg eksamen 5 timer.

Karakterskala

Karakterskala A-F

Fagleg overlapp

Om du har tatt BIO202 før 2009 vil du få 5 studiepoeng i reduksjon for GEO112.

Vurderingssemester

Haust

Emneevaluering

Institutt for geografi evaluerer ein tredjedel av kursporteføljen kvart semester. GEO112 vil difor bli evaluert kvar tredje gong kurset vert undervist.

Kontaktinformasjon

Institutt for geografi

Studieveileder@geog.uib.no