Emner: GEO115 Kartografi og feltkartlegging - Høst 2014
Studienivå (studiesyklus)
Bachelor
Undervisningsspråk
Norsk
Undervisningssemester
Vår
Mål og innhald
Målet er å gi teoretisk innsikt i og praktisk erfaring med innsamling og presentasjon av geografiske data.
For datainnsamling er fokus på verktøy som GPS, flyfoto og fjernmåling. Deretter vil prinsippa bak georeferansesystem bli gjennomgått innan vi går vidare med presentasjon av geografiske data i form av ulike typar kart. God kartdesign ved hjelp av symbol, farge og tekst er også eit viktig tema. Studentane får praktisk erfaring med datainnsamling og presentasjon i GIS-programvare gjennom øvingar.
Læringsutbyte
Etter å ha fullført emnet skal studenten kunne:
- bruke GPS for å samle inn geografiske data.
- gjere greie for dei grunnleggande prinsippa om fjernmåling som datainnsamlingsmetode.
- gjere greie for dei grunnleggande metodane for representasjon av geografiske data i geografiske informasjonssystemer (GIS)
- gjere greie for korleis georeferansesystem verkar og korleis desse er bygd opp
- gjere greie for ulike typar tematiske kart og kunne lage karta sjølv på PC med eigna GIS-programvare
Krav til forkunnskapar
Ingen
Tilrådde forkunnskapar
GEO100
Krav til studierett
Emnet er ope for studentar ved UiB.
Undervisningsformer og omfang av organisert undervisning
1 førelesing á 2 timer pr. veke.
Totalt 4 førelesingar
1 oppgåveseminar á 2 timer pr. veke.
Totalt 4-5 seminar
Obligatorisk undervisningsaktivitet
Skriftlege innleveringar av 4-5 oppgåver
Vurderingsformer
Skriftleg eksamen 3 timer
Karakterskala
Karakterskala A-F
Fagleg overlapp
GEO111 før haust 2006 gir 3 studiepoeng reduksjon
Vurderingssemester
Vår og haust
Litteraturliste
ArcGIS
Emneevaluering
Institutt for geografi evaluerer en tredjedel av kursporteføljen kvart semester. GEO115 vil difor bli evaluert minimum kvar tredje gong kurset vert undervist.
Kontaktinformasjon
Institutt for geografi
Studieveileder@geog.uib.no