Emner: GEO206 Kvalitativ analyse - Høst 2014
Studienivå (studiesyklus)
Bachelor
Undervisningsspråk
Engelsk
Undervisningssemester
Vår
Mål og innhald
Gjennom kurset skal studenten tileigne seg kunnskap om utforming av kvalitative forskingsopplegg, utvikling av problemstillingar og bruk av metodar og feltteknikkar med vekt på intervju, tekstanalyse, deltaking og observasjon.
Kurset gir undervising i god forskingspraksis i geografi med fokus på teori som støttar kvalitativ forsking. Sentrale tema er forskingsdesign, subjektivitet og objektivitet, kritisk refleksivitet, forskingsetikk, samt kvalitative metodar og teknikkar brukt i feltforsking.
Læringsutbyte
Etter å ha fullført emnet skal studenten kunne:- gjere greie for kva eit kvalitativt forskingsopplegg er gjennom å ha tileigna seg innsikt i sentrale kvalitative metodar og teknikkar.
- sjølvstendig vurdere ei kvalitativ metodisk tilnærming gjennom å utarbeide eit individuelt forskingsopplegg.
- ta i bruk kvalitative metodar som intervju, spørjeskjema og observasjon.
- følgje forskingsprosessen og sjå samanhengen frå planlegging til datainnsamling og ferdig tekstprodukt.
Krav til forkunnskapar
Ingen
Tilrådde forkunnskapar
GEO121, GEO131, GEO151 eller tilsvarande
Krav til studierett
Emnet er ope for studentar ved UiB.
Undervisningsformer og omfang av organisert undervisning
1-2 forelesing per veke + 1 seminar.
Totalt 5-6 forelesingar og eit seminar.
Kurset blir undervist i januar og februar. Eksamen i februar/mars.
Obligatorisk undervisningsaktivitet
Innlevering og godkjenning av eit essay basert på praktisk oppgåve.
Vurderingsformer
Skriftleg eksamen 4 timar
Karakterskala
Gradert karakterskala fra A til F.
Fagleg overlapp
GEO307- 5 studiepoeng
Vurderingssemester
Vår.
Emneevaluering
Institutt for geografi evaluerer ein tredjedel av kursporteføljen kvart semester. GEO206 vil difor bli evaluert minimum kvar tredje gong kurset blir undervist.
Kontaktinformasjon
Institutt for geografi
Studieveileder@geog.uib.no