Emner: GEO215 Geografiske informasjonssystemer: Teori og praksis - Vår 2014
Studienivå (studiesyklus)
Bachelor
Undervisningsspråk
Engelsk
Undervisningssemester
Haust
Undervisningsstad
Universitetet i Bergen
Mål og innhald
Dette er eit introduksjonskurs i GIS som eit analyseverktøy for romleg data. Forelesingane introduserer det teoretiske aspektet medan det gjennom datalab vert gitt praktisk øving med kommersiell software.
Emne som datastruktur, databasar, analyse, modellering og feilkjelder vil bli gjennomgått.
Læringsutbyte
Etter å ha fullført emnet skal studenten kunne:
- ha teoretisk og praktisk kunnskap om forvaltning og analyse av geografiske data i eit geografisk informasjonssystem (GIS)
- gjere greie for korleis data vert representert i eit GIS
- greie ut om grunnleggande dataforvaltning i GIS
- gjere greie for fjernmåling som datainnsamlingsmetode
- gjere greie for ulike analyseverktøy i GIS og korleis desse kan kombinerast i modellar (geoprosessering)
- gjere greie for potensielle feilkjelder i eit GIS-prosjekt
- greie ut om korleis ein ser for seg at GIS kan utvikla seg i framtida.
Krav til forkunnskapar
Basiskunnskap i bruk av PC. GEO115 eller tilsvarande
Tilrådde forkunnskapar
GEO111, GEO112 og/eller 204
Krav til studierett
Emnet er ope for studentar ved UiB
Emnet har avgrensa tal på plassar. Ved registrering søker du om undervisningsopptak til emnet. Emnet har søknadsfrist fredag i veke 34. Opptak skjer etter denne prioriteringa for dei som fyller forkunnskapskravet:
- Studentar på bachelorprogrammet i geografi, studentar på bachelorprogrammet i miljø- og ressursfag med spesialisering i geografi og studentar på bachelorprogrammet i utviklingsstudier med spesialisering i geografi
- Studentar på masterprogrammet i geografi
- Utvekslingsstudentar frå institusjonar Institutt for geografi har samarbeidsavtale med
- Studentar frå andre program ved UiB
- Utvekslingsstudentar frå institusjonar som Institutt for geografi ikkje har samarbeidsavtale med
Undervisningsformer og omfang av organisert undervisning
1 førelesing á 2 timer pr. veke.
Totalt 6-8 førelesingar.
1 datalab introduksjon á 3 timer pr. veke.
Totalt 4-5 introduksjon datalab.
1 datalab mappeoppgåver á 3 timer pr veke.
Totalt 3 oppgåvedatalab
Totalt: 12-16 timer førelesing og 24 timer datalab
Kurset går over 10-12 veker totalt
Vurderingsformer
Mappeevaluering (med 3 oppgåver) og justerande munnleg eksamen. Det vert gitt ein samla karakter.
Karakterskala
Karakterskala A-F
Fagleg overlapp
GEO205 (5 studiepoeng) og GEO305 (5 studiepoeng)
Vurderingssemester
Haust
Litteraturliste
ArcGIS
Emneevaluering
Institutt for geografi evaluerer ein tredjedel av kursporteføljen kvart semester. GEO215 vil difor bli evaluert minimum kvar tredje gong kurset vert undervist.
Kontaktinformasjon
Institutt for geografi
Studieveileder@geog.uib.no
Institutt
Institutt for geografi