Emner: GEO231 Teorier om utvikling og migrasjon - Høst 2014




Studiepoeng

10.0

Studienivå (studiesyklus)

Bachelor

Undervisningsspråk

Engelsk

Undervisningssemester

Haust

Mål og innhald

Studentane skal trenast til å forstå samtidige sosiale fenomen som fattigdom, etniske konfliktar, ressursmangel og migrasjon ut frå ein del ulike teoretiske fortolkingsrammer.

Kurset gir ei innføring i klassiske og nyare utviklingsteoriar. Det vert lagt særskild vekt på teoretiske tilnærmingar som søkjer å forklare det faktum at utvikling er ulikt fordelt rundt omkring på kloden, og prosesser som forsterkar eller endrar ei slik geografisk fordeling. Migrasjon kan på mange måtar sjåast på som ei mikrotilpassing til globale utviklings- og endringsprosessar, samstundes som migrasjon også bidrar til å forme den globale verda. Kurset vil framheve teoriar som ikkje einsidig fokuserer på integrering i vertssamfunnet eller på effektar i avsendarstaden, men som ser heile migrasjonsprosessen under eitt.

Læringsutbyte

Etter å ha fullført emnet skal studenten kunne:

Krav til forkunnskapar

Basiskjennskap til migrasjon og utvikling

Tilrådde forkunnskapar

GEO115, GEO121 og GEO131

Krav til studierett

Emnet er ope for studentar ved UiB.

Undervisningsformer og omfang av organisert undervisning

1 førelesing á 2 timer pr. veke.

Totalt 12 førelesingar.

1 seminar á 2 timer pr. veke.

Totalt 1 seminar

Obligatorisk undervisningsaktivitet

Godkjent semesteroppgåve, ca 4 sider

Vurderingsformer

Skriftleg eksamen, 5 timer

Karakterskala

Karakterskala A-F

Fagleg overlapp

Emnet overlappar fagleg 5 studiepoeng med GEO338.

Vurderingssemester

Haust og vår

Emneevaluering

Institutt for geografi evaluerer ein tredjedel av kursporteføljen kvart semester. GEO231 vil difor bli evaluert minimum kvar tredje gong kurset vert undervist.

Kontaktinformasjon

Institutt for geografi

Studieveileder@geog.uib.no