Emner: GEO281 Miljøforvaltning og planlegging - Høst 2018
Studienivå (studiesyklus)
Bachelor
Undervisningsspråk
Norsk
Undervisningssemester
Haust
Mål og innhald
Kurset gir ei fordjuping i tverrfaglege innfallsvinklar på miljøvern og planlegging i forsking og forvaltning.
Emnet gir ei generell innføring i ressursforvaltning, planlegging og miljøvern. Gjennom lokale og globale døme ser ein på korleis miljøet i verda endrar seg. Det vert gitt ei innføring i norsk miljøforvaltning, særleg med tanke på moglegheiter og problem i tverrfagleg forvaltnings-, planarbeid og forsking. Tema som blir tatt opp er miljø- og arealplanlegging, ressursforvaltning, juridiske verkemiddel, økonomi og miljøpolitikk, økologi og biodiversitet.
Læringsutbyte
Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbyte definert i kunnskapar, ferdigheiter og generell kompetanse:
Kunnskap
Studenten
- har kunnskap om oppbygging av og verkemåte i offentlig miljøforvaltning i Norge
- kjenner hovedtrekka i viktige norske miljølover
- har kunnskap om hovedtrekka i planhierarkiet frå reguleringsplan til kommuneplanens arealdel
- kjenner forskrifta om konsekvensutreiingar (KU), kva som utløyser bruken av KU og kan gi ei kritisk vurdering av ei KU.
Ferdigheiter
Studenten
- kan finne, vurdere og vise til relevant kunnskap, data og teori, og framstille og bruke det til å svare på aktuelle miljøfaglege og planleggingsrelaterte spørsmål.
- kjenner og kan tolke og bruke norske arealplankart.
Generell kompetanse
Studenten
- har opparbeidd generell kompetanse om norsk miljøforvaltning og arealplanlegging.
Krav til forkunnskapar
Ingen
Tilrådde forkunnskapar
GEO115
Krav til studierett
Emnet er ope for studentar ved UiB.
Arbeids- og undervisningsformer
2 førelesingar á 2 timer pr. veke.
Totalt 14-16 førelesingar.
1 seminar á 2 timer pr. veke.
Totalt 4-6 seminar
Obligatorisk undervisningsaktivitet
Ingen
Vurderingsformer
Skriftleg eksamen 5 timar
Karakterskala
Karakterskala A-F
Vurderingssemester
Eksamen vert berre tilbydd i undervisningssemesteret. Ny eksamen påfølgande semester berre for studentar med http://www.uib.no/svf/38461/gyldig-frav%C3%A6r-p%C3%A5-eksamen-ved-det-samfunnsvitenskapelige-fakultetrett til ny vurdering.
Emneevaluering
Institutt for geografi evaluerer ein tredjedel av kursporteføljen kvart semester. GEO281 vil difor bli evaluert minimum kvar tredje gong kurset vert undervist.
Kontaktinformasjon
Institutt for geografi
Studieveileder@geog.uib.no