Emner: GEO291 Natur- og miljøgeografisk feltkurs - Høst 2014




Studienivå (studiesyklus)

Bachelor

Undervisningsspråk

Norsk

Undervisningssemester

Vår

Undervisningsstad

Universitetet i Bergen og eit feltområde enten ein stad i Noreg eller i utlandet, fyrst og fremst Europa. Feltområdet vil variere frå år til år.

Mål og innhald

Studenten skal ha kjennskap til vanlege natur- og miljøgeografiske metodar og teknikkar, og vite korleis problemstilling, hypotesar og forskingsopplegg vert utvikla gjennom ei natur- eller miljøgeografisk feltoppgåve.

Studentane arbeider saman i grupper om ei feltbasert forskingsoppgåve innanfor natur- eller miljøgeografi, og saman med litteraturstudiar dannar gruppa sin utarbeida rapport som basis for ein korrigerande munnleg eksamen. Feltkurset går kvart år, anten i Noreg eller til utlandet. Etter førehandsgodkjenning er det mogleg å levere ei semesteroppgåve basert på litteraturstudiar.

Læringsutbyte

Etter å ha fullført emnet skal studenten kunne:

 

 

 

Krav til forkunnskapar

GEO115. Enten GEO212, GEO281, GEO282 eller tilsvarande og godkjent metodekurs (GEO204/215/206) eller tilsvarande. Studenten må ha minimum 60 studiepoeng GEO-emne (ekskl. GEO100) før ho/han kan takast opp på GEO291

Tilrådde forkunnskapar

GEO111 og GEO112

Krav til studierett

Ope, men talet på plassar er avgrensa. Studentar ved Bachelorprogrammet i geografi og Bachelorprogrammet i Miljø og ressursforvaltning som vel spesialisering i geografi vil bli prioritert. Ytterlegare prioritering blir gjort etter talet på studiepoeng i GEO-emne.

Undervisningsformer og omfang av organisert undervisning

1 førelesing á 2 timer pr. veke.

Totalt 1-2 førelesingar.

1-2 seminar á 2 timer pr. veke.

Totalt 5 seminar

Feltkurs 6-8 dagar. Talet på dagar avheng av reiseavstand.

Obligatorisk undervisningsaktivitet

Obligatorisk deltaking på seminar og feltkurs

Vurderingsformer

Feltrapport som gruppeeksamen (50%). 2-3 studentar skriv feltrapporten saman.

Individuell munnleg eksamen (50%).

Karakterskala

Karakterskala A-F

Fagleg overlapp

GEO241 (10 poeng), GEO271 (10 poeng)

Vurderingssemester

Vår

Litteraturliste

GPS

Emneevaluering

Institutt for geografi evaluerer ein tredjedel av kursporteføljen kvart semester. GEO291 vil difor bli evaluert minimum kvar tredje gong kurset vert undervist.

Kontaktinformasjon

Institutt for geografi

Studieveileder@geog.uib.no