Emner: GEO291 Naturgeografisk feltkurs - Vår 2018




Studienivå (studiesyklus)

Bachelor

Undervisningsspråk

Norsk/engelsk

Undervisningssemester

Vår

Undervisningsstad

Universitetet i Bergen og eit feltområde enten ein stad i Noreg eller i utlandet, fyrst og fremst Europa. Feltområdet vil variere frå år til år.

Mål og innhald

Mål:

Emnet har som mål å gi studenten kjennskap til vanlege naturgeografiske metodar, teknikkar og relevant litteratur, samt grunnleggjande akademisk skrive- og referanseteknikk. Vidare skal emnet formidle forståing for korleis problemstilling, hypotesar og forskingsopplegg vert utvikla gjennom ei naturgeografisk feltoppgåve.

Innhald:

Aleine eller i samarbeid med andre skal studenten utarbeida ei temarapport basert på litteraturstudiar med relevans for feltkurset, og skal saman med andre utføre ei feltbasert forskingsoppgåve innanfor naturgeografi. Gjennom ein skriftleg feltrapport vil studenten få erfaring med grunnleggjande akademisk skrive- og referanseteknikk. Saman med litteraturstudiar dannar gruppa sin utarbeida forskingsoppgåve basis for ein korrigerande munnleg eksamen. Feltkurset går kvart år, anten i Noreg eller til utlandet.

Læringsutbyte

Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbyte definert i kunnskapar, ferdigheiter og generell kompetanse:

 

Kunnskap

Studenten

Ferdigheiter

Studenten

Generell kompetanse

Studenten

Krav til forkunnskapar

GEO110, GEO111, GEO113, GEO124, GEO125, GEO131 eller tilsvarande. Studenten skal ta GEO204 og GEO212 i same semester som GEO291.

Tilrådde forkunnskapar

GEO111 og GEO112/ GEO113

Krav til studierett

Ope, men talet på plassar er avgrensa. Studentar ved Bachelorprogrammet i geografi og Bachelorprogrammet i Miljø og ressursforvaltning som vel spesialisering i geografi vil bli prioritert. Ytterlegare prioritering blir gjort etter talet på studiepoeng i GEO-emne.

Arbeids- og undervisningsformer

1 førelesing á 2 timer pr. veke.

Totalt 2-3 førelesingar.

1-2 seminar á 2 timer pr. veke.

Totalt 5 seminar

Feltkurs 6-8 dagar. Talet på dagar avheng av reiseavstand.

Obligatorisk undervisningsaktivitet

Godkjent temarapport og deltaking på feltkurs. Obligatorisk krav kan berre gjennomførast ein gong og er gyldig frå det semesteret det er gjennomført og godkjent.

Vurderingsformer

Feltrapport som gruppeeksamen der 2-3 studentar skriv rapporten saman.

Individuell justerande munnleg eksamen.

Karakterskala

Karakterskala A-F

Fagleg overlapp

GEO241 (10 poeng), GEO271 (10 poeng)

Vurderingssemester

Vår

Emneevaluering

Institutt for geografi evaluerer ein tredjedel av kursporteføljen kvart semester. GEO291 vil difor bli evaluert minimum kvar tredje gong kurset vert undervist.

Kontaktinformasjon

Institutt for geografi

Studieveileder@geog.uib.no