Emner: GEO292 Regionalgeografisk feltkurs - Høst 2014
Studienivå (studiesyklus)
Bachelor
Undervisningsspråk
Norsk
Undervisningssemester
Vår
Undervisningsstad
Universitetet i Bergen og et feltområde enten ein stad i Noreg eller i utlandet, fyrst og fremst Europa. Feltområdet vil variere frå år til år.
Mål og innhald
Studenten skal praktisere sine teori- og metodekunnskapar, og gjennom ei feltoppgåve vise korleis problemstilling, hypotesar og forskingsopplegg blir utvikla i ein samfunnsgeografisk kontekst.
Deltakarene får moglegheit til å praktisere sine teori- og metodekunnskapar i ei empirisk undersøking av eit regionalgeografisk problem. Tema og problemområde skal veljast i samråd med faglærer. Feltkurset går kvart år, enten i Noreg eller til utlandet. Etter førehandsgodkjenning er det mogleg å levere ei semesteroppgåve basert på litteraturstudiar.
Læringsutbyte
Etter å ha fullført emnet skal studenten kunne:- Gjere nytte av kunnskapen om sentrale tema og teoriar i samfunnsgeografi som ho eller han har tileigna seg i løpet av bachelorstudiet
- Gjennomføre eit mindre forskingsprosjekt ved å presentere eit tema, granske dette teoretisk og formulere ei geografisk problemstilling
- Bruke sjølvstendig tenking og teoretisk innsikt
- Gjere nytte av kvalitative og/eller kvantitative felt- og analysemetodar
- Gjere nytte av grunnleggjande akademisk skrive- og referanseteknikk, og vise dette gjennom ein feltrapport
Krav til forkunnskapar
GEO115. Enten GEO221, GEO231, GEO282, GEO285 eller tilsvarande, og godkjent metodekurs (GEO204/215/206) eller tilsvarande. Studenten må ha minimum 60 studiepoeng GEO-emne (ekskl. GEO100) før ho/han blir tatt opp på GEO292.
Tilrådde forkunnskapar
GEO151
Krav til studierett
Emnet har plass til 30 studentar. Opptak skjer etter denne prioriteringa:
- Studentar på bachelorprogrammet i geografi og studentar på bachelorprogrammet i miljø- og ressursfag med spesialisering i geografi
2. Studentar på bachelorprogrammet i utviklingsstudier med spesialisering i geografi
Undervisningsformer og omfang av organisert undervisning
1-2 førelesingar á 2 timer pr. veke. Totalt 2-4 førelesingar.
1 seminar á 2 timer pr. veke. Totalt 3-4 seminar.
Feltkurs: 3-4 dagar (Antal dagar avhengig av reiseavstand).
Obligatorisk undervisningsaktivitet
Obligatorisk deltaking på feltkurs. Obligatorisk krav er kun gyldig i det semesteret dei er gjennomført og godkjent.
Vurderingsformer
Feltrapport som gruppeeksamen (50%). 2-3 studentar skriv feltrapporten saman.
Individuell munnleg eksamen (50%).
Karakterskala
Karakterskala A-F
Fagleg overlapp
GEO251 (10 poeng), GEO286 (10 poeng)
Vurderingssemester
Vår
Emneevaluering
Institutt for geografi evaluerer ein tredjedel av kursporteføljen kvart semester. GEO292 vil difor bli evaluert minimum kvar tredje gong kurset undervisast i.
Kontaktinformasjon
Institutt for geografi
Studieveileder@geog.uib.no