Emner: GEO292 Regionalgeografisk feltkurs - Høst 2018




Studienivå (studiesyklus)

Bachelor

Undervisningsspråk

Norsk (kan bli undervist på engelsk)

Undervisningssemester

Vår

Undervisningsstad

Universitetet i Bergen og et feltområde enten ein stad i Noreg eller i utlandet, fyrst og fremst Europa. Feltområdet vil variere frå år til år.

Mål og innhald

Mål

Studenten skal praktisere sine teori- og metodekunnskapar, og gjennom ei feltoppgåve vise korleis problemstilling, hypotesar og forskingsopplegg blir utvikla i ein samfunnsgeografisk kontekst.

 

Innhald

Deltakarene får moglegheit til å praktisere sine teori- og metodekunnskapar i ei empirisk undersøking av eit regionalgeografisk problem. Tema og problemområde skal veljast i samråd med faglærer. Feltkurset går kvart år, enten i Noreg eller til utlandet. Etter førehandsgodkjenning er det mogleg å levere ei semesteroppgåve basert på litteraturstudiar.

Læringsutbyte

Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbyte definert i kunnskapar, ferdigheiter og generell kompetanse:

Kunnskap

Studenten

Ferdigheiter

Studenten

Generell kompetanse

Studenten

Krav til forkunnskapar

GEO110, GEO111, GEO113, GEO124, GEO125 og GEO131, eller tilsvarande.

GEO204, GEO206 og GEO221 skal takast i same semester (eventuelt før).

Krav til studierett

Ope, men talet på plassar er avgrensa. Opptak skjer etter denne prioriteringa:
  1. Studentar på bachelorprogrammet i geografi og studentar på bachelorprogrammet i miljø- og ressursfag med spesialisering i geografi i 6. semester.
  2. Studentar på bachelorprogrammet i geografi og studentar på bachelorprogrammet i miljø- og ressursfag med spesialisering i geografi i 4. semester.
  3. Utvekslingsstudenter med godkjent bakgrunn (minimum 60 ECTS i geografi).

Arbeids- og undervisningsformer

1 seminar á 2 timer pr. veke. Totalt 5-7 seminar.

Feltkurs: 3-5 dagar (antal dagar avhengig av reiseavstand).

Obligatorisk undervisningsaktivitet

Obligatorisk deltaking på feltkurs og feltførebuande seminar. Obligatorisk krav kan kun gjennomførast ein gong og er gyldig frå det semesteret det er gjennomført og godkjent.

 

Studentane vel litteratur til oppgåva (utanom pensum) i omfang 150-200 sider i samråd med faglærar.

Vurderingsformer

Feltrapport som gruppeeksamen der 2-3 studentar skriv rapporten saman.

Individuell justerande munnleg eksamen.

Karakterskala

Karakterskala A-F

Fagleg overlapp

GEO251 (10 poeng), GEO286 (10 poeng)

Vurderingssemester

Eksamen vert berre tilbydd i undervisningssemesteret.

Emneevaluering

Institutt for geografi evaluerer ein tredjedel av kursporteføljen kvart semester. GEO292 vil difor bli evaluert minimum kvar tredje gong kurset undervisast i.

Kontaktinformasjon

Institutt for geografi

Studieveileder@geog.uib.no