Emner: GEO292 Regionalgeografisk feltkurs - Vår 2014




Studiepoeng

10.0

Studienivå (studiesyklus)

Bachelor

Undervisningsspråk

Norsk

Undervisningssemester

Vår

Undervisningsstad

Universitetet i Bergen og et feltområde enten ein stad i Noreg eller i utlandet, fyrst og fremst Europa. Feltområdet vil variere frå år til år.

Mål og innhald

Studenten skal praktisere sine teori- og metodekunnskapar, og gjennom ei feltoppgåve vise korleis problemstilling, hypotesar og forskingsopplegg blir utvikla i ein samfunnsgeografisk kontekst.

Deltakarene får moglegheit til å praktisere sine teori- og metodekunnskapar i ei empirisk undersøking av eit regionalgeografisk problem. Tema og problemområde skal veljast i samråd med faglærer. Feltkurset går kvart år, enten i Noreg eller til utlandet. Etter førehandsgodkjenning er det mogleg å levere ei semesteroppgåve basert på litteraturstudiar.

Læringsutbyte

Etter å ha fullført emnet skal studenten kunne:

Krav til forkunnskapar

GEO115. Enten GEO221, GEO231, GEO282, GEO285 eller tilsvarande, og godkjent metodekurs (GEO204/215/206) eller tilsvarande. Studenten må ha minimum 60 studiepoeng GEO-emne (ekskl. GEO100) før ho/han blir tatt opp på GEO292.

Tilrådde forkunnskapar

GEO151

Krav til studierett

Emnet har plass til 30 studentar. Opptak skjer etter denne prioriteringa:

  1. Studentar på bachelorprogrammet i geografi og studentar på bachelorprogrammet i miljø- og ressursfag med spesialisering i geografi

2. Studentar på bachelorprogrammet i utviklingsstudier med spesialisering i geografi

Undervisningsformer og omfang av organisert undervisning

1-2 førelesingar á 2 timer pr. veke. Totalt 2-4 førelesingar.

1 seminar á 2 timer pr. veke. Totalt 3-4 seminar.

Feltkurs: 3-4 dagar (Antal dagar avhengig av reiseavstand).

 

 

Obligatorisk undervisningsaktivitet

Obligatorisk deltaking på feltkurs. Obligatorisk krav er kun gyldig i det semesteret dei er gjennomført og godkjent.

Vurderingsformer

Feltrapport som gruppeeksamen (50%). 2-3 studentar skriv feltrapporten saman.

Individuell munnleg eksamen (50%).

Karakterskala

Karakterskala A-F

Fagleg overlapp

GEO251 (10 poeng), GEO286 (10 poeng)

Vurderingssemester

Vår

Emneevaluering

Institutt for geografi evaluerer ein tredjedel av kursporteføljen kvart semester. GEO292 vil difor bli evaluert minimum kvar tredje gong kurset undervisast i.

Kontaktinformasjon

Institutt for geografi

Studieveileder@geog.uib.no