Emner: GEO338 Teorier om utvikling og migrasjon - II - Høst 2014




Studiepoeng

10.0

Studienivå (studiesyklus)

Master

Undervisningsspråk

Engelsk

Undervisningssemester

Haust

Mål og innhald

Studentane skal trenast til å forstå samtidige sosiale fenomen som fattigdom, etniske konfliktar, ressursmangel og migrasjon ut frå ein del ulike teoretiske fortolkingsrammer.

Kurset gir ei innføring i klassiske og nyare utviklingsteoriar. Det blir lagt særleg vekt på teoretiske tilnærmingar som søkjer å forklare det faktum at utvikling er ulikt fordelt rundt omkring på kloden, og prosesser som forsterkar eller endrar ei slik geografisk fordeling. Migrasjon kan på mange måtar sjåast på som ein mikrotilpassing til globale utviklings- og endringsprosessar, samstundes som migrasjon også bidrar til å forme den globale verda. Kurset vil framheve teoriar som ikkje einsidig fokuserer på integrering i vertssamfunnet eller på effektar i avsendarstaden, men som ser heile migrasjonsprosessen under eitt. Kurset har felles førelesingar med GEO231, men det vert stilt større krav til fagleg innsikt for studentar på GEO338.

Læringsutbyte

Etter å ha fullført emnet skal studenten:

Krav til forkunnskapar

Basiskjennskap til migrasjon og utvikling

Tilrådde forkunnskapar

GEO115, GEO 121 og GEO131 eller tilsvarande.

Krav til studierett

Emnet er valemne for Master's in Development Geography.

GEO338 er eit særemne. Det kan difor inngå i det obligatorisk kravet om to særemne i Master i geografi.

Undervisningsformer og omfang av organisert undervisning

1 førelesing á 2 timer pr. veke. Totalt 12 førelesingar.

1 seminar á 2 timer pr. veke. Totalt 1 seminar

Obligatorisk undervisningsaktivitet

Godkjent semesteroppgåve, ca.10 sider.

Vurderingsformer

Skriftleg eksamen, 5 timer.

Karakterskala

Karakterskala A-F

Fagleg overlapp

GEO231 - 5 studiepoeng

Vurderingssemester

Vår og haust

Emneevaluering

Institutt for geografi evaluerer ein tredjedel av kursporteføljen kvart semester. GEO338 vil difor bli evaluert minimum kvar tredje gong kurset vert undervist.

Kontaktinformasjon

Institutt for geografi

Studieveileder@geog.uib.no