Haust og vår
Utvikle metodiske og analytiske ferdigheiter og evner til å utforme, drøfte og analysere geografiske problemstillingar. Det vert lagt vekt på å utvikle sjølvstendige arbeidsmetodar og munnleg og skriftleg framstillingsevne. Studenten skal med rettleiing gjennomføre eit praktisk/teoretisk forskingsprosjekt som etter 2 år skal resultere i ei masteroppgåve.
I oppgåva skal studenten vise at ho/han er i stand til å nytte geografiske metodar til å gjere ei omfattande analyse av eit relevant problem.
I samråd med rettleiar skal studenten utforme ei problemstilling og setje seg inn i relevante teoriar og tidlegare arbeid med relevans for temaet og/eller forskingsområdet. Studenten skal vidare gjennomføre eit sjølvstendig arbeid av praktisk og/eller teoretisk art knytt opp mot problemstilling. Normalt er arbeidet basert på feltarbeid. Etter praktisk/teoretisk omarbeiding skal dette resultere i ei masteroppgåve. Oppgåva skal ha eit omfang på mellom 80-100 sider.
Framstillinga skal gjere greie for problemstilling, teori, metode og resultat. Studenten skal på ein oversiktleg måte gjere greie for dei tematiske, metodiske og teoretiske føresetnadene som arbeidet byggjer på. Også det empiriske materialet som vert analysert skal framstillast på ein oversiktleg måte. I vurderinga av avhandlinga legg ein vekt på korleis studenten meistrar relevant teori, metode og evne til å analysere.
Milepæl 1, 2 og 3 må vere gjennomført før oppgåva kan leverast.
Milepæl 1 utgjer seminardelen av GEO310 (prosjektskildringa), milepæl 2 er seminardelen av GEO309 (semesteroppgåve). Milepæl 3 skjer etter avslutta feltarbeid, helst i september (februar for studentar som har byrja i vårsemesteret).
Milepæl-seminara går føre seg gruppevis for studentar med liknande tema og deira rettleiarar. Målet er å trene munnleg presentasjon av status for prosjektet og få tilbakemelding frå rettleiarar og studentar. Rettleiarar så vel som studentar fungerer som opponentar på presentasjonane.
Avsluttande mastereksamen omfattar to delar:
Studenten kan levere masteroppgåva til to fastsette datoar i året 15.mai og 15.november.
Karakterskala A-F
Institutt for geografi
Studieveileder@geog.uib.no