Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbyte definert i kunnskapar, ferdigheiter og generell kompetanse:
Kunnskapar
Studenten
- er kjent med fagterminologi for dei sentrale prosessane i hav og atmosfærefysikk
- forstår dei grunnleggjande prinsippane innan atmosfærisk termodynamikk, stråling, mikrofysikk og dynamikk
- er kjent med enkle modellar for havsirkulasjon slik som estuarin sirkulasjon og Ekmantransport
- forstår geostrofisk strømning som ein grunnleggende sammenheng mellom trykkgradient og Corioliskraft i hav og atmosfære
- er kjent med ulike typar måleinstrument for atmosfæren og havet samt typiske feilkilder
- forstår samanhengen mellom ulike atmosfæriske prosessar i ulike værsystem
- er kjent med turbulente og molekylære blandingsprosessar i havet
- forstår dei ulike fluksar av varme, bevegelsesmengd og masse i og mellom hav og atmosfære
Ferdigheiter
Studenten
- kan tolke atmosfæriske måledata frå verstasjoner, radiosonder, værradar og værsatellitt
- kan bruke programvare for å analysere aktuelle og varslede versituasjonar
- kan klassifisere og berekne eigenskapar for dei ulike bølgjetypane i havet
- kan forklare dei fysiske prosessane som driv tidevatn og endingar i havnivå
- kan berekne tilstand, fluksar og prosessar i hav og atmosfære med bruk av oppgitte likningar og metoder.
- kan utføre enkle meteorologiske og oseanografiske observasjoner i felt og laboratoriet
- kan gjere bruk av programmeringsverktøy for å analysere data og lage figurar
Generell kompetanse
Studenten
- kan beskrive, analysere og rapportere observasjonar frå laboratorieeksperiment
- kan planleggje og gjennomføre enkle felteksperiment under veiledning
- kan framstille resultat frå gruppearbeid som skriftlig rapport og presentasjon
Undervisninga blir gitt i form av førelesningar, tokt, laboratorieeksperiment, rekneøvingar, og seminar.
Studentane skriv toktrapport og har presentasjon. 6 rekneøvingar, og 3 laboratorieeksperiment.
Aktivitet: 4 timar forelesning og 2 timar laboratoriearbeid eller rekneøvingar pr. veke i 15 veker
Tokt: ett døgn
Deltaking på toktplanlegging, deltaking på tokt, godkjend toktrapport og presentasjon.
Det er obligatorisk å delta i 3 laboratorieeksperiment.
Det er obligatorisk å levere ein labrapport, samt ei verrapport.
Gyldig i fire semester: Det semesteret obligatoriske arbeidskrav blir godkjent og tre etterfølgjande semester.
Det er ordinær eksamen kvart semester. I semesteret utan undervisning er eksamen tidleg i semesteret.
Studentane skal evaluere undervisninga i tråd med UiB og instituttet sitt kvalitetssikringssystem.