Engelsk. Emnet undervisast på norsk dersom berre norskspråklege studentar meldar seg til emnet.
Mål og innhald
Emnet gjev ei grunnleggjande innføring i statistiske metodar for analyse av observerte og numerisk modellerte storleikar i oseanografi og meteorologi. Dette inkluderer deskriptiv statistikk, hypotesetesting og sannsynsleghet. Emnet vil vidare omhandle frekvensanalyse og filtrering av tidsseriar, samt identifisering av romleg samvariasjon ved hjelp av metodar som lineær regresjon, korrelasjonsanalyse og empiriske ortogonale funksjonar. Teorien vil bli nytta på geofysiske problemstillingar.
Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbyte definert i kunnskapar, ferdigheiter og generell kompetanse:
Kunnskapar
Studenten
- kan teste hypoteser
- kan dra slutningar basert på eit utval data og talfeste uvissa knytt til dette
Ferdigheiter
Studenten
- kan handsame og systematisere observasjons- og modelldata for statistisk analyse
- kan presentere resultata av analysen
- kan finne korrelasjon og regresjon mellom tidsseriar
- kan identifisere frekvensfordelinga i ein tidsserie
- kan identifisere romlig struktur i data
Generell kompetanse
Studenten
- kan berekne og drøfte grunnleggjande statistiske eigenskapar
- kan presentere resultat av ein analyse i ein vitskapleg rapport
Forelesning 3 timar pr. veke.
Øvinger 2 timar pr. veke.
Godkjent prosjektoppgåve
Gyldig i 4 semester: Det semesteret obligatoriske arbeidskrav blir godkjent + tre etterfølgjande semester.
Studierettleiar kan kontaktast her:
studierettleiar@gfi.uib.no
Tlf 55 58 26 04